Germanarar
Germanarar kan visa til førhistoriske folkegrupper i Europa rekna som forfedrar til dei folka som i dag talar germanske språk og til etterkomarar av desse eller talarar av germanske språk. Ordet kan også visa til tyskarar.[1] Folkegruppa blei forbunden med landområdet Germania.
Dei germanske språka er ei undergruppe av indoeuropeiske språk. Germanarane tala opphavleg urgermansk, eit språk som med tida gav opphav til dei germanske språka vi har i dag, blant anna tysk, nederlandsk, frisisk, engelsk og dei skandinaviske språka.
Romerske skribentar fortalde om germanarane i sine bøker. Dei sa at germanarane bestod av ei rekkje stammar i det nordlege Europa. Den første vi veit om som bruka namnet germanarar var Poseidonios (ca. 135 f.Kr.-51 f.Kr.). Cæsar skreiv òg om germanarane i si skildring av krigane han var med i. Ei viktig kjelde er Tacitus, som skildra dei i verket Germania (omkring 100 e.Kr.). Dette verket inneheld detaljerte opplysningar om religion, sosial lagdeling, levekår og styringsorgan hos fleire germanske stammar.
Ifølgje dei tidlege skribentane gjekk skiljet mellom landområda til keltarane og germanarane stort sett ved Rhinen.
Germanarane sitt opphav og deira tidlege historie er dunkel. Mange tenkjer seg at dei opphavleg hadde sin heimstad i Nord-Tyskland og Sør-Skandinavia, og frå ca. 1000 f.Kr. spreidde dei seg så vest- og sørover.
Cæsar støtte på germanarane under sine felttog i Gallia på vestsida av Rhinen. Da keisar Augustus gjorde Rhinen til riksgrense for Romerriket, kom desse germanarane under romersk styre. Men romerske planar om flytting av grensa til Elben måtte skrinleggjast da germanarar nedkjempa ein romersk hær i Teutoburgerskogen (år 9).
Frå 200-talet begynte germanarar frå aust for Rhinen å forflytte seg i vestleg og sørleg retning, og under folkevandringstida, på 400-talet, erobra dei gradvis heile Vestromarriket.
Snorre Sturlason skildrar det germanske området slik i prologen til Den yngre Edda (Snorre-Edda): «..desse ættene vart mangmente, og i heile Saksland (Nord-Tyskland) og derifrå i Norderlanda breidde dei seg så ut at tungemålet til desse Asia-mennene var det same i alle desse landa. Det tykkjest folk kunna skjøna av det at når namna på son etter far hjå dei er oppskrivne, så har desse namna følgt med dette tungemålet, og at æsene lyt ha ført det med seg hit i heimen, til Noreg og Svitjod, Danmark og Saksland. Men i England er det gamle namn på land og stader som tyder på at dei komne av eit anna tungemål enn dette. (Truleg er her meint keltisk).» (Frå Edda, Det norske Samlaget, 2002/2007).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på Germanerne i Wikipedia på bokmål, som lesen 25. november 2008.