Gotisk arkitektur
Gotisk arkitektur eller gotikk er ein periode innan arkitektur, skulptur og målarkunst, framfor alt i kyrkje- og klosterarkitekturen og den religiøse kunsten, men òg i den verdslege arkitekturen. Gotikken dominerte det katolske Vest-Europa i mellomalderen, frå kring 1150 til kring 1550. Kan hende meir enn noko anna periode innan europeisk kunsthistorie vart gotikken basert på prinsipp for konstruksjonen av bygningane. Byggmeistrane utvikla og kombinerte spissbogar og ribbekrysskvelving på ein ny måte, og nytta kombinasjonar av utvendige pillarar og støttebogar for å take opp sidekraftene frå kvelva over kyrkjeromma. Største problemet var å få til harmoniske kryssande kvelvingar - særskilt om dei hadde ulik diameter.
Den gotiske byggjestilen vert ofte kalla spissbogestilen av di stilen er kjenneteikna av at bogar og kvelv vart gjeve ei avspissa form, i motsetnad til dei halvsirkelforma bogane og kvelva som kjenneteikna den tidlegare bygningsstilen i mellomalderen, den romanske stilen, òg kalla rundbogestilen. Eit viktig utviklingsdrag i gotikken var dessutan ideen om å gjere kyrkjebygningane og kyrkjeromma så høge som råd var, og dessutan å samle tyngdene av kvelva mest mogleg i punkter, slik at veggane kunne opnast opp og sleppe det himmelske ljoset inn i bygningane gjennom store vindaugo med fargerike glasmåleri.
Inndeling av gotikken
[endre | endre wikiteksten]Vanlegvis vert byrjinga på gotikken rekna å vera 1136, då kyrkjekoret i den franske Saint Denis-kyrkja vart ombygd under leiing av abbed Suger.
Gotikken vert gjerne delt inn i tre faser:
I England er ei anna inndeling vanleg:
- Early English fra ca. 1180
- Decorated seint på 1200-talet
- Perpendicular frå kring 1310
Nygotikk
[endre | endre wikiteksten]I løpet av renessansen og barokken såg ein stort sett på gotikken med forakt. Interessa tok seg trass i dette opp i England på slutten av 1700-talet, og frå kring 1825 braut nygotikken fram for alvor i England. Snart spreidde han seg til alle delar av den katolske og protestantiske verda, og i dag finst nygotiske kyrkjer i alle verdsdelar.
Nokre kjende gotiske katedralar
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Coldstream, Nicola; The Decorated style, Architecture and ornament 1240-1360, London 1994 ISBN 0-7141-2734-5
- Frankl, Paul; Gothic Architecture, Yale University Press 2000, ISBN 0-300-08799-3
- Grodecki, Louis; Gothic Architecture, Milano 1978, ISBN 0-571-14515-9
- Jantzen, Hans; High Gothic, New jersey 1984 ISBN 0-691-00372-6
- Simson, Otto von; The Gothic Cathedral, New York 1956. ISBN 0-691-01867-7
- Wilson, Christopher; The Gothic Cathedral, London 1990. ISBN 0-500-27681-1
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bildete frå mellomalderens kunst og arkitektur
- Historia om gotisk arkitektur Arkivert 2006-05-28 ved Wayback Machine.
- Kunsthistorie Witcome
- Kart over katedralar i England og Wales
- Pevsner Architectural Guides Arkivert 2006-06-17 ved Wayback Machine.
- Britain Express — Early english gotisk arkitektur
- BTinternet Tidslinje
- Britain Express: Decorated gotisk arkitektur
- BTinternet Tidslinje
- Britain Express - Perpendicular gotisk arkitektur
- BTinternet Tidslinje
- Katedralen i Amiens, Quiz Interiør Arkivert 2010-06-23 ved Wayback Machine.
- Katedralen i Amiens Quiz Eksteriør Arkivert 2007-03-15 ved Wayback Machine.