Hans E. Strand
Hans E. Strand | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. august 1934 Modum kommune |
Død |
4. mai 2000 (65 år) |
Yrke | politikar, forstmann, bonde |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Hans E. Strand (20. august 1934–4. mai 2000) var ein norsk skogmann og politikar frå Modum i Buskerud. Han representerte Buskerud og partiet Høgre på Stortinget frå 1977 til -85.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Strand tok eksamen ved Statens skogskole på Kongsberg i 1957. Deretter studerte han ved skogbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule til 1960. Dei neste ti åra arbeidde han med skogforsking ved same institusjonen.
Perioden 1970-77 var Strand heradsskogmeister i heimkommunen Modum. Han engasjerte seg i politikken for Høgre, var medlem av kommunestyret fireårsbolken 1976-79. Ved stortingsvalet 1977 vann han seg fast plass på Stortinget, der han 1977-81 var medlem av Sosialkomitéen. Etter han vart attvald i 1981 var han nestformann både i Kyrkje- og undervisningskomitéen, og i Kontrollkomitéen. I tillegg var han medlem av Valkomitéen.
Strand forlét Stortinget i 1985 og var dei neste seks åra gardbrukar. Samstundes var han styreleiar i Direktoratet for Statens skoger 1985-92, og i Riksteateret 1985-93. På ny vart han aktiv i lokalpolitikken, medlem av formannskapet i Modum frå 1987 til -95. Kommunestyremedlem frå hausten 1999. Frå 1991 til han døydde våren 2000 arbeidde Strand som skogstyrar.