Hans van Steenwinckel den yngre
Utsjånad
Hans van Steenwinckel den yngre | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 24. juni 1587 København |
Død | |
Yrke | bilethoggar, arkitekt |
Far | Hans van Steenwinckel den eldre |
Hans van Steenwinckel den yngre på Commons |
Hans van Steenwinckel den yngre (24. juni 1587–6. august 1639) var ein dansk arkitekt, byggmeister og bilethoggar knytt til Kristian IV og byggeprosjekta hans.
Han var son av Hans van Steenwinckel den eldre, bror av Lorenz van Steenwinckel, far til Hans van Steenwinckel den yngste og Oluf van Steenwinckel. Hans van Steenwinckel d.y. stod ansvarleg for mange store, offentlege byggeoppdrag, mellom anna Børsen i København etter at broren Lorenz døydde, Rundetårn, Trinitatis kyrkje i København og Nyboder, same stad.