Hopp til innhald

Hypertext Transfer Protocol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hypertext Transfer Protocol (HTTP) er ein nettverksprotokoll som blir brukt for å overføre det meste av informasjon på verdsveven. HTTP styrer kommunikasjonen mellom ein HTTP-klient, typisk ein nettlesar og ein HTTP-tenar. Dette blir gjort ved at klienten sender ein førespurnad til tenaren, og denne vil da gje ei statusline, som «HTTP/1.1 200 OK», og si eiga melding. Meldinga inneheld typisk det som blei spurt om, som ei viss datafil, men kan også vera ei feilmelding eller annan informasjon.[1]

Utviklinga av HTTP vart leia av World Wide Web Consortium og ulike arbeidsgrupper i Internet Engineering Task Force, som resulterte i ei rekkje sokalla RFC. Den viktigaste av desse var RFC 2068 frå 1997, som definerer HTTP/1.1. Han blei oppdatert av RFC 2616 i 1999, og av RFC 7230 i 2014.

  1. Fielding, Roy T.; Gettys, James; Mogul, Jeffrey C.; Nielsen, Henrik Frystyk; Masinter, Larry; Leach, Paul J.; Berners-Lee, Tim (June 1999). Hypertext Transfer Protocol – HTTP/1.1. IETF. doi:10.17487/RFC2616. RFC 2616. 
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy