Idrettsgallaen 2011
Idrettsgallaen 2011 var ein seremoni der Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité heidra dei største idrettsnamna og beste prestasjonane, og dessutan andre som hadde gjort ein stor innsats for norsk idrett i 2010.
Hovudjuryen var sett saman av Jarle Aambø (leiar), Kjetil André Aamodt, Karen-Marie Ellefsen, Jan Erik Aalbu, Hanne Haugland, Arnfinn Vik og Else Marthe Sørlie Lybekk.
Gallaen vart arrangert den 8. januar 2011 i Hamar OL-Amfi og vart direktesend på NRK. Programleiarar var Erik Solbakken og Haddy N'jie.
Dei musikalske innslaga kom frå Kringkastingsorkestret, Mo, Karpe Diem, Christel Alsos og Maria Haukaas Mittet som urframførte den offisielle Ski-VM-songen, i tillegg til Haddy N'jie som opna showet med songen «I need a hero». Dessutan vart siste halvdelen av nasjonalsongen sungen til ære for Thor Hushovd, sidan nasjonalsongen vart avbroten under medaljeseremonien under VM i sykling.
Kategoriar, prisvinnarar og nominerte
[endre | endre wikiteksten]Prisen Årets namn vart delt ut etter ei avrøysting der alle kunne delta (ein såkalla folkejury). Hovudjuryen valde ut alle vinnarane, med unnatak av Utøvaranes pris, som vart røysta fram av toppidrettsutøvarar, samt for Årets ildsjel som hadde ein eigen jury.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Idrettsgallaen 2011» frå Wikipedia på bokmål, den 13. januar 2011.