Jamaicansk mat
Jamaicansk mattradisjon stammar frå ei blanding av teknikkar, smakar og matvarer som er påverka av lokale urfolk, afrikanarar, britar, franskmenn, portugisarar, spanjolar, indarar, kinesarar og folk frå Midtausten, som alle har halde til på øya. Skikken er òg påverka av avlingane som er blitt innført til øya frå tropisk Afrika og Søraust-Asia, og mange av dei blir no dyrka lokalt. Det blir brukt mange ulike typar sjømat, tropisk frukt og kjøt.
Nokre jamaicanske rettar er variasjonar av matrettar som er teken med til øya frå andre stader. Dei er ofte blitt endra for å ha med lokale produkt og krydder. Andre er nye eller blanda rettar som har utvikla seg lokalt. Nokre populære jamaicanske rettar er curry goat, steikte dumplings og ackee and saltfish. Jamaican patties og andre bakverk er òg populære.
Jamaicansk mat har spreidd seg til andre stader med utvandrarar frå øya, særleg i løpet av 1900-talet; då mange jamaicanarar leita etter betre økonomiske høve i andre land.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Utvikling av kjøkkenet
[endre | endre wikiteksten]Afrikansk matstell utvikla seg vidare på øya som eit resultat av slaveriet, med namn og rettar som callaloo frå den angolanske retten calulu. Den mest populære frukta til matlaging, ackee, blei frakta til øya av vestafrikanske folk. Spanjolane, dei fyrste europearane som kom til øya, bidrog med matvarer som den eddikpregga escovitch fish (spansk escabeche), som spanske jødar bidrog med. Seinare kan folk frå Cornwall ha påverka utviklinga av jamaicansk patty, eit bakverk fylt med krydra kjøt. Elles finst det kinesisk og indisk påverknad i matstellet, med rettar som roti og curry goat som eit resultat av at det blei henta kontraktsarbeidarar til øya for å arbeida etter frigjeringa av slavane. Deira matrettar, særleg curry, blei populære. Salt torsk blei teken med av portugisiske jødar som hadde rømt frå inkvisisjonen på 1500-talet, og blir no brukt i nasjonalretten ackee and saltfish, men var òg basiskost for afrikanarar haldne som slavar som ein haldbar, rimeleg proteinkjelde.
Jamaicansk mat og rastafariane
[endre | endre wikiteksten]Jamaicansk mat har ein del påverknad frå rastafarilæra. Rett mat etter denne læra blir kalla ital. Rastafariane har ei vegetarisk tilnærming til mat, og har introdusert fleire unike vegetariske retter til det jamaicanske kjøkkenet. Nokre meiner også at ein bør bruka lite eller inkje salt til å laga mat. Rastafariane et typisk ikkje grisekjøt. Dette kjøtet er likevel svært populært på Jamaica, med svinestuing og jerk pork som nokre av dei mest populære måtane å laga det til på.
Populære rettar
[endre | endre wikiteksten]- Bok choy
- Brødfrukt (kokt, steikt eller bakt)
- Callaloo
- Kokt ris
- Dumplings (kokt eller steikt)
- Festival
- Steikt banan
- Steikt ris
- Ground provisions
- Macaroni pie
- Potetsalat
- Rice and peas
- Smaksett ris - graskar eller callaloo pluss krydder
- Wokka eller dampkokte grønsker
- Stew peas
- Turned cornmeal
Ein jamaicansk frukost kan innehalda ackee and saltfish, krydra callaloo, kokte grøne bananar og steikte dumplings.[1]
Hovudrettar
[endre | endre wikiteksten]Supper
[endre | endre wikiteksten]- Bammy
- Black cake
- Bulla cake
- Coco bread
- Grotto
- Hard dough bread
- Peg bread
- Rock cake
- Rum cake
- Spiced bun
- Sugar bun
Siderettar
[endre | endre wikiteksten]
- Beef soup
- Chicken soup
- Corn soup
- Cow heel soup
- Fish tea
- Gungo peas-suppe
- Janga-suppe
- Mannish water
- Pepperpot
- Pumpkin soup
- Red peas soup
- Split pea soup
Brød og bakverk
[endre | endre wikiteksten]- Bammy
- Black cake
- Bulla cake
- Coco bread
- Grotto
- Hard dough bread
- Peg bread
- Rock cake
- Rum cake
- Spiced bun
- Sugar bun
Drikke
[endre | endre wikiteksten]- Bigga og D&G-brus
- Bush tea
- Gulrotjus med krydder som muskat og vanilje
- Sjokolademjølk
- Cocktailar
- D&G Malta
- Jus (agurk, guava, mango, otaheite apple, papaya, ananas, soursop osb.)
- Ingefærøl
- Guinness-punch med krydder som muskat og vanilje
- Irish moss, ein drikk laga med Gracilaria-algar
- Limeade, drikk med limesmak
- Likør (Sangster's, Tia Maria osb.)
- Mauby
- Pimento dram
- Red Stripe
- Rom
- Sorrel (hibiskuste)
- Supligen
- Tamarind Fizz
- Ting
Dessertar og søtmat
[endre | endre wikiteksten]Is av mango og soursop (Annona muricata) er to populære dessertar. Andre jamaicansk issmaker er grapenut, rum and raisin og Dragon Stout.
Andre populære dessertar er batata pudding (søtpotetpudding), cornmeal pudding (maismjølpudding), cassava pone (maniokkake), gizzada, grater cake, toto, banana fritter, coconut drops, plantain tarts (kokebanaterte) og det sylta guavaproduktet guava cheese.
Tie A Leaf, eller blue drawers , er ein rett som blir laga ved å kombinera stivelse (vanlegvis maismjøl eller maniok) med kokosmjølk og deretter pakka det inn i bundne bananblad som ein kokar retten i.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Deborah S. Hartz Authentic Jamaican breakfast Aug 1, 1991 Ocala Star-Banner page 44
- Denne artikkelen bygger på «Jamaican cuisine» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2023.