Jocelyn Bell Burnell
Dame Jocelyn Bell Burnell | |||
Jocelyn Bell Burnell | |||
Fødd | Susan Jocelyn Bell 15. juli 1943 (81 år)[1] Belfast, Lurgan | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | Astrofysikk | ||
Yrke | astronom, astrofysikar, fysikar | ||
Institusjonar | University of Cambridge University of Glasgow Open University University of Oxford | ||
Alma mater | University of Glasgow (BSc) New Hall, Cambridge (PhD) | ||
Doktorgradsrettleiar | Antony Hewish[2][3][4] | ||
Kjend for | Oppdaga dei fire første pulsarane | ||
Influerar | Fred Hoyle Frontiers of Astronomy (1955) | ||
Utmerkingar | Herschel-medaljen (1989), Fellow of the Royal Society (mars 2003), Dame Commander av Order of the British Empire (2007) | ||
Ektefelle | Martin Burnell | ||
Barn | Gavin Burnell | ||
Medlem | National Academy of Sciences Royal Astronomical Society Den internasjonale astronomiske unionen American Astronomical Society American Philosophical Society American Academy of Arts and Sciences Royal Society |
Jocelyn Bell Burnell (fødd 15. juli 1943) er ein nordirsk astrofysikar.
Ho vart utdanna ved University of Glasgow, og tok doktorgrad i radioastronomi ved Cambridge University i 1968. Under doktorgradsarbeidet sitt deltok ho i oppbygginga av eit enormt radioteleskop og studerte spesielt kvasarar. I den samanhengen oppdaga ho nokre fram til då ukjende objekt, og har dermed ein stor del av æra for oppdaginga av dei første pulsarane (1967). Burnell har vore knytt til University College London, Royal Observatory, Edinburgh og James Clark Maxwell Telescope på Hawaii. Ho har vore president i Royal Astronomical Society. Burnell er særskild oppteken av formidling, og arbeidde i 10 år for Open University, noko som dobla talet på kvinnelege professorar i fysikk i Storbritannia. I 1999 turnerte ho i Australia med eigne Women in Physics-forelesningar. Frå 2001 var ho dekan ved naturvitskapeleg fakultet ved University of Bath.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «BELL BURNELL, Dame (Susan) Jocelyn» (Who's Who 2013, A & C Black, an imprint of Bloomsbury Publishing plc, 2013; online edn, Oxford University Press).
- ↑ Bell, Susan Jocelyn (1968). The Measurement of radiokjelde diameters using a diffraction method (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ doi:10.1038/217709a0
- ↑ doi:10.1038/218126a0
- Delphin, Inger Lise A. (14. februar 2009), «Jocelyn Bell Burnell», Store norske leksikon, henta 13. august 2014