Karl J. Brommeland
Karl J. Brommeland | |||
Fødd | 13. januar 1913 Haugesund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 19. juni 1999 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Karl Johan Roland Brommeland (13. januar 1913–19. juni 1999) var ein forretningsmann og politikar frå Haugesund som representerte Kristelig Folkeparti. Han var frå 1958 til 1973 stortingsrepresentant frå Rogaland. I perioden 1965 til 1969 var han medlem av presidentskapet.
Brommeland var son til ein skipper og skipsreiar. Han arbeidde 1929-31 på eit reiarkontor og var så sjømann dei neste to åra. Skuleåret 1933/34 gjekk han handelsskule og arbeidde eit års tid på kontor att. I 1935 gjekk han inn som medeigar i ei radioforretning, og var med å drive denne til 1979.
Frå 1947 til -58 var Brommeland medlem av formannskapet i Haugesund. Hausten 1957 vart han vald til stortingsrepresentant frå Rogaland og for Kristeleg Folkeparti, og vart sidan attvald for fire nye år i 1961, 1965 og 1969. På Stortinget var han medlem i Protokollkomiteen til 1961. Han flytta då over til Sjøfarts- og fiskerikomiteen og vart der verande resten av si stortingstid, frå 1965 i eigenskap av sekretær i komiteen. Sesjonen 1972/73 var han også sekretær i Lagtinget.
Brommeland var også engasjert i organisasjonslivet. Han var såleis med å stifte Haugesund Svømmeklubb, og var laget sin fyrste formann i tida 1934-39. Sidan var han formann i Haugesund KFUM 1943-47, Haugesund menighetsråd 1947-53 og i Norske Radio/TV-handleres Landsforbund 1960-67. Frå 1972 til -84 var han styreformann for Statens fiskarbank si avdeling i Bergen.