Hopp til innhald

Karl XII av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl XII

Statue av Karl XII på Karl XIIs torg i Stockholm
Konge av Sverige
Regjeringstid5. april 169730. november 1718
(formyndarregjering til november 1697)
Fødd17. juni 1682
FødestadStockholm
Død30. november 1718 (36 år)
DødsstadFredrikshald i Noreg
GravstadRiddarholmskyrkan i Stockholm
FøregangarKarl XI av Sverige
EtterfølgjarUlrika Eleonora av Sverige
Gift medAldri gift
DynastiHuset Pfalz-Zweibrücken-Kleeburg
MottoDominus protector meus (latin,
'Herren er min hyrde')
Med Guds hjälp
FarKarl XI av Sverige
MorUlrika Eleonora d.e.

Karl XII , (fødd 17. junijul./ 27. juni 1682greg. i Stockholm, død 30. novemberjul./ 11. desember 1718greg. i Fredrikshald) latin Carolus Rex, var svensk konge frå 1697 til 1718. Han vart skoten ved Fredriksten festning i Fredrikshald (Halden). Han leidde Sverige gjennom ei rad erobringskrigar. Saman med Gustaf II Adolf er han den mest kjende svenske krigarkongen. I Sverige kan han verta omtala som «hjältekonungen» eller «krigarkungen».

Karl vart konge femten år gamal og reiste frå landet tre år seinare for å ta del i krigshandlingar i Europa. Ei stund vart Sverige ei leiande makt nord i Europa. Polen-Sachsen, Danmark-Noreg, og Russland allierte seg for å gå til åtak på Sverige. Slik byrja Den store nordiske krigen. Ein trudde at sidan Karl XII var så ung, ville han ikkje kunna makta å organisera eit forsvar av landet.

Barndom og slekt

[endre | endre wikiteksten]

Karl XII vart fødd på slottet Tre Kronor den 27. juni 1682. Foreldra var Karl XI av Sverige og Ulrika Eleonora d.e.. Syskena var Ulrika Eleonora d.y.. Syskenborn var August II av Polen (August den sterke), Frederik IV av Danmark-Noreg og Frederik IV av Holstein-Gottorp.

Slag der Karl XII var med

[endre | endre wikiteksten]

Karl XII fell

[endre | endre wikiteksten]
Karl XII:s likfärd, måla av Gustaf Cederström 1884

Karl XII hadde oppnådd å få støtte frå den russiske tsaren i den store nordiske krigen. Våren 1718 forlet Karl XII og hærfølgjet hans Lund på veg mot den norske grensa, og i oktober byrja han ein ny offensiv. Sjølv leidde han 36 000 menn mot Sør-Noreg, medan 7 500 menn skulle angripe Trondheim lenger nord.

Det gjekk lenge bra for svenskane. Nordmennene viste lite motstand før dei kom til Fredriksten festning i Fredrikshald. Dette vart knutepunktet for svenskane. Dei omleira festninga og kjempa seg langsamt framover mot murane. Om dagen kjempa dei ope, medan dei brukte natta til å grave nye skyttargraver for å komme endå nærare nordmennene. Dei norske soldatane heldt fram å skyte på fienden sjølv etter at det var blitt mørkt, og det er sagt at mellom ti og tjue soldatar fall kvar natt.

Kvelden 11. desember 1718 var kongen ute og inspiserte. Mellom kl. 8 og kl. 9, medan han var i ei av dei gamle svenske skyttargravene, vart han treft av ei kule som gjennombora tinningen slik at han døydde momentant. Dei svenske troppane førte liket hans til Tistedalen og vidare heimover til Sverige. Han vart gravlagd i Riddarholmskyrkan den 26. februar 1719.

Kort tid etter at kongen hadde falle, byrja det gå rykte om at ein svensk løynmordar hadde skote kongen. Det er ført prov og motprov for denne påstanden, sist av Peter From, som i boka Karl XII:s död - gåtans lösning (2005) har undersøkt saka med hjelp av moderne rettsmedisin og ein kritisk analyse av kjeldematerialet. Etter From peikar alle fakta på at kula kom frå norsk hald, ettersom både retning og avstand til dei norske troppane stemmer overeins med såret.[1].

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karl XII av Sverige
Føregangar
Karl XI
Sveriges konge
16971718
Etterfylgjar
Ulrika Eleonora
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy