Hopp til innhald

Kasusstyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kasusstyring er når eit verb, ein preposisjon eller eit adjektiv styrar kasusen til det etterfølgjande substantivet. Kasus uttrykkjer grammatisk funksjon samstundes som verb, adjektiv og preposisjonar endrar den grammatiske funksjonen til det etterfølgjande substantivet. Altså vert det sagt at desse styrar kasusen til det etterfølgjande substantivet. Det er særs sentralt i språk med fleire kasus, til dømes russisk, islandsk og finsk.

Kasusstyring på norsk

[endre | endre wikiteksten]

Kasussystemet på norsk er i stor grad kvorve vekk, men det finst framleis fleire frosne uttrykk som i røynda er restar av kasusstyring. Uttrykket i live er eit frose uttrykk som kjem frå at preposisjonen i styrte dativen, samstundes som dativsforma av liv er live. Til fjells er ennå eit døme på eit frose uttrykk med kasusstyring. Preposisjonen til styrte genitivnorrønt medan genitiv av substantivet fjell er fjells.

Kasusstyring på tysk

[endre | endre wikiteksten]

Kasusstyring har ei særs sentral rolle i tysk grammatikk. Til dømes vil verbet helfen (hjelpe) styre dativ, altså tek verbet alltid eit dativsobjekt.

  • Kannst du mir helfen? («Kan du hjelpe meg?», meg er i dativ)
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy