Hopp til innhald

Kayseri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kayseri
by
Land  Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Provins Kayseri
Høgd 1 050 moh.
Koordinatar 38°44′N 35°29′E / 38.733°N 35.483°E / 38.733; 35.483
Folketal 1 064 164 [1][2]
 - storby 977 240
Borgarmeister Mehmet Özhaseki
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 38x xx
Retningsnummer (+90) 352
Kart
Kayseri
38°43′21″N 35°29′15″E / 38.7225°N 35.4875°E / 38.7225; 35.4875
Kart som viser Kayseri.
Kart som viser Kayseri.
Kart som viser Kayseri.
Wikimedia Commons: Kayseri
Nettstad: www.kayseri.bel.tr
www.kayseri.gov.tr

Kayseri er ein stor og industrialisert by i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Byen har kring 1 064 164 innbyggjarar og ligg 265 km søraust for Ankara, kring 1050 meter over havet.

Han er det administrative senteret i provinsen Kayseri. Kayseri består av fem bydistrikta Kocasinan, Hacılar, İncesu og Talas.

Kayseri ligg ved foten av den utdøydde vulkanen Erciyes som tårnar 3916 meter over havet. Byen er kjend for kulinariske spesialitetar som mantı, pastirma og sucuk. Byen har mange minnesmerke frå romersk tid og frå mellomalderen, mellom anna festninga, bygd under keisar Justinian og seinare påbygd av seldsjukkane og osmanarane, det åttekanta mausoleet Döner Kümbet frå 1237, og den vakre moskeen Kurşunlu Cami, 'Blymoskeen', frå 1500-talet, teikna av den kjente arkitekten Sinan.

Erkilet internasjonale lufthamn ligg i nærleiken av Kayseri. Erciyes universitet ligg i byen.

Kayseri heitte opphavleg Mazaca (seinare Eusebia), og var hovudstad for kongane av Kappadokia. Han vart omdøypt til Caesarea Cappadociae i første hundreåret evt. og var hovudstad i den romerske provinsen Cappadocia. Frå 700-talet og framover vart byen utsett for fleire åtak, først av arabarane, seinare seldsjukkane, mongolane og turkmenarane. Byen vart ein del av Det osmanske riket kring 1500.

Kayseri har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsa) med eit halvtørt klima (Köppen BSk), som består av særs kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar med kjølige netter. Det kjem mest regn om våren og hausten, men generelt er det lite nedbør gjennom året.

Vêrdata for Kayseri
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 17 20,1 26,6 31,2 33,4 36 40,7 40 36 32,6 24,8 21 40,7
Gjennomsnittleg maks °C 3,9 5,9 11,6 17,5 22,1 26,7 30,5 30,7 26,6 20,1 12,3 5,9 17,8
Gjennomsnittleg min °C −6,7 −5,1 −1,3 3,4 6,8 9,8 12,2 11,6 7,5 3,8 −1 −4,5 3
Lågast målte °C −28,1 −28,4 −28,1 −11,6 −5,5 −0,4 3,7 2,1 −2,5 −8,3 −16,2 −25,5 −28,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 33,6 33,6 42,5 57,2 56,6 35,9 14,3 8,5 12,9 34,8 37,2 39 406,1
Gns. luftfukt (%) 76 72 62 58 56 50 44 44 47 58 69 77 59
Gns. solskinstimar i månaden 89,9 112 151,9 183 254,2 309 362,7 350,3 270 201,5 138 80,6 2 503,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]Weather2[4]
  1. - 2011
  2. Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 21. august 2012 
  3. «İl ve İlçelerimize Ait İstatistiki Veriler- Meteoroloji Genel Müdürlüğü». Dmi.gov.tr. Arkivert frå originalen 9. august 2012. Henta 21. august 2012. 
  4. «Desember Klima History for Kayseri | Local | Turkey». Myweather2.com. Henta 21. august 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kayseri
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy