Hopp til innhald

Kockums

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kockums

Org.formAktiebolag
Org.nr.556205-5623
BransjeSkipsbygging
Skipa1840
HovudkontorMalmö
LandSverige
Nettstadhttps://www.saab.com/ (engelsk)

Kockums eller Saab Kockums Aktiebolag[1] er eit svensk skipsverft som har tilhøyrt Saab sidan 2014. Kockums lagar militære fartøy som ubåtar, overflatefartøy og marinsystem.[2] Det har hovudkontor i Malmö og verksemd på Muskö örlogsbas, Dockstavarvet og ved Karlskronavarvet.

Sjøsetting ved Kockums Mekaniska Verkstad av den norska tankaren «Vestalis» i 1962.
Utsyn over verftsområdet i Malmö med portalkranen (Kockumskranen) over dokken. Foto frå mitden av 1970-talet.

Verftet sprang ut frå Kockums Mekaniska Werkstad, skipa i 1840. Frans Henrik Kockum starta verksemda som hovudsakleg dreiv med produksjon for hushald og landbruk. I 1850 starta dei produksjon av jarnbanevogner og i 1870 eit skipsverft på hamna i Malmö. Familien stod også bak Skånska Cement AB og Kockums Jernverks AB, begge stifta på 1870-talet. I 1913 blei all verksemda i Malmö flytta til verftsområdet på hamna og det gamle verkstadområdet blei til bydelen Davidshall.

Verftet voks kraftig, og i 1952 og 1953 leverte Kockums mest tonnasje av alle verfta i verda. På grunn av økonomiske problem på 1970-talet blei verftet overteke av det statseigde Svenska Varv AB, og den sivile produksjonen blei lagd ned i 1978. I 1989 gjekk Kockums saman med Karlskronavarvet, før dei i 1989 gjekk inn i det tyske Howaldtswerke Deutsche Werft AG.

I 2004 omsette verftet for om lag 1,2 milliardar svenske kroner, og hadde i 2003 1200 tilsette. Frå 2005 var Kockums organisert i ThyssenKrupp Marine Systems.

I juli 2014 blei Kockums kjøpt opp av Saab.[3]

På 1970-talet produserte Kockums òg anleggsmaskinar og skogsmaskinar.

  1. «Bolagsverket - Näringslivsregistret», snr.bolagsverket.se, henta 27. desember 2020 
  2. «Organisation | Company in brief | Saab», Start (på engelsk), henta 27. desember 2020 
  3. «Saab completes acquisition of TKMS AB (Kockums)», Start (på engelsk), henta 27. desember 2020 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kockums
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy