Levanten
Utsjånad
Levanten er eit noko unøyaktig definert område aust for Middelhavet, som historisk viser til området sør for Taurusfjella og nord for Den arabiske ørkenen, frå kysten i vest til øvre Mesopotamia i aust. Kaukasusfjella er ikkje med, heller ikkje Kilikia (no i Tyrkia). Sinaihalvøya er vanlegvis heller ikkje inkludert.
Levanten omfattar i dag Kypros, Israel, Jordan, Libanon, Nord-Kypros, Syria, Palestina, og ein del av det sørlege Tyrkia (tidlegare Aleppo vilajet).
Denne geografiartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.