Hopp til innhald

Logistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagerhald inngår i logistikk.
Moderne lagervarehus med materiell i pallar.

Logistikk er kunnskapen om å planleggja, administrera og organisera vare- og informasjonsstraum i næringslivet eller militæret.[1] Det handlar om å oppnå høgast mogleg effektivitet gjennom god service og låge omkostninger. Einkvan som arbeider med logistikk kan kallast logistiker. Omgrepet «logistikk» har etter kvart glide inn i daglegtale til òg å gjelda planlegging og organisering av private aktivitetar.

Logistikkutdanning

[endre | endre wikiteksten]

I dag vert det undervist i logistikk både på vidaregåande skule og høgskular.

På vidaregåande skule-nivå kan ein utdanna seg til logistikkoperatør (lagerarbeid) og jobbar då med transport av varer. Dette inneber blant anna sikring av last, planlegging, lagring, produksjon og klargjøring for sending av gods.[2]

Høgskulen i Molde, vitskapleg høgskule i logistikk, er nasjonalt knutepunkt for forsking og utdanning innanfor logistikk, Supply Chain Management og transportøkonomi. Høgskulen er den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg som tildeler doktorgrad i logistikk.[3] Handelshøyskolen BI har eit eige institutt for strategi og logistikk.[4] Det er fleire andre høgskular som tilbyr årsstudium og bachelor knytte til logistikk.[5]

Kühne Logistics University i Hamburg (Tyskland) er det einaste universitetet i verda med hovudfokus på forsking og undervising i Supply Chain Management og logistikk.[6]

  1. «logistikk» i Nynorskordboka.
  2. Logistikkoperator, Utdanning.no
  3. PhD Programme in Logistics Arkivert 2014-08-17 ved Wayback Machine., Molde University College
  4. Strategi og logistikk Arkivert 22. november 2012 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 22. november 2012 på Wayback Machine., Handelshøyskolen BI
  5. Logistikk, Utdanning.no
  6. Kühne Logistics University Kühne Logistics University
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy