Ludvig Drevland
Ludvig Drevland | |||
Fødd | 15. april 1842 Kvæfjord kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 3. desember 1911 (69 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, lærar, bonde | ||
Alle verv |
|
Ludvig Bernhoff Drevland (15. april 1842–3. desember 1911) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Kvæfjord.
Drevland var son til ein lærar. I 1862 vart han seminarist frå Tromsø. Same året vart han lærar heime i Kvæfjord, 1870-72 også kyrkjesongar. År 1872 byrja han som handelsmann på Borkenes i Kvæfjord. Han slutta handelen i 1875 og vart i staden gardbrukar på Strand i heimbygda. Frå 1880 til han døydde var han kasserar i Kvæfjord Sparebank.
Drevland var ordførar i Kvæfjord 1875-95, og forlikskommissær i mange år. Ei tid var han formann i amtsskulestyret. Han var medlem av den kongelege tollkommisjonen av 1887.
Drevland møtte på Stortinget den 20. april 1881 som varamann frå Tromsø amt, og sat resten av 1881-sesjonen. Han hadde fast sete på Stortinget 1883-88, medlem av næringskomite nr 1. Han vart også vald til stortingsmann for 1889-91, valet vart einstemmig forkasta.
Han døydde i 1911 på garden sin i Kvæfjord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak (1914). «Drevland, Ludvig Bernhoff». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 197.
- Biografisk informasjon om Ludvig Drevland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv