Hopp til innhald

Martina Ertl-Renz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martina Ertl-Renz
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 12. september 1973 (51 år)
Bad Tölz
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Martina Ertl-Renz (fødd 12. september 1973) er ein tysk tidlegare alpinist frå Lenggries i Bayern som vann to gullmedaljar i VM i alpine greiner, i høvesvis kombinasjonen i 2001 og i lagtevlinga i 2005. Ho vart nummer to i verdscupen i alpine greiner i både 1996 og 1998.

Ertl tok bronsemedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1993 i Morioka i Japan. Ho fekk sitt definitive gjennombrot i 1994-sesongen med OL-sølv på Lillehammer og sin fyrste verdscupsiger på tampen av sesongen i Vail i USA, storslalåm-tevlingar begge.

Under VM i alpine greiner 1996 kopierte ho prestasjonen i storslalåm frå forrige VM og tok ein ny bronsemedalje. Dei neste åra tok ho meisterskapsmedaljar i kombinasjonsgreina; fyrst OL-sølv i 1998, deretter VM-gull i St. Anton i 2001 og OL-bronse i 2002. I 2005 var ho med på Tysklands lag som vann lag-tevlinga i alpint-VM i Bormio. Både ho og den to år yngre broren Andreas Ertl var sentrale på laget, som saman med Hilde Gerg, Florian Eckert, Felix Neureuther og Monika Bergmann sikra tysk gull.

Både i 1996 og 1998 enda Ertl på andreplassen i verdscupen i alpine greiner, begge gongane måtte ho sjå seg slått av landskvinna Katja Seizinger. I begge dei to nemnde sesongane vann Ertl pokalen som beste storslalåmrennar i verdscupen i alpine greiner. Mellom 1994 og oktober 2003 sigra ho i 14 verdscuprenn i tre ulike øvingar. 57 gongar stod ho på sigerspallen.

Ertl vann 13 tyske skimeisterskap. Ho la opp i 2006.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy