Hopp til innhald

Messianske jødar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Messianske jødar er personar av jødisk etnisitet som reknar seg som jødar, sjølv om dei trur at Yeshua (Jesus) er den Messias som profetane talde om.[1] I motsetnad til dei kristne, nyttar dei ikkje namnet Jesus, men det opphavlege hebraiske namnet Yeshua. Nokre messianske jødar held seg til den jødiske lova, andre gjer det ikkje.

Den moderne messianske jødedommen oppstod i USA i 1960-åra, og har sidan spreidd seg til Israel. Ein reknar med at det er mellom 6000 og 15000 messianske jødar i Israel og om lag ein kvart million i USA. [2]

I den kristne oldkyrkja var det mange jødisk-kristne forsamlingar, men etter kvart kravde kyrkja at medlemene i kyrkjelyden skulle bryte med jødedommen.[3] For dei fleste jødar er det å la seg døype til kristen tru eit brot med jødedommen, og andre retningar innanfor jødisk religion, frå ortodoks til progressiv jødedom, er samde om at den religionen desse gruppene praktiserer, ikkje er foreinleg med jødisk religion.[4]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. The light from zion, arkivert frå originalen 24. juni 2007, henta 26. januar 2009 
  2. Agenda 3:16 1/2009
  3. Agenda 3:16 1/2009
  4. «Messiansk jødedom» på safon.org[daud lenkje]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy