Hopp til innhald

Natalja Lisovskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Natalja Lisovskaja


Statsborgarskap Sovjetunionen, Frankrike
Fødd 16. juli 1962 (62 år)
Alegazovo
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1988
Utmerkingar Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Natalja Benediktovna Lisovskaja[a] (fødd 16. juli 1963) er ein sovjetisk-russisk friidrettsutøvar som tevla i kulestøyt for Sovjetunionen. Ho dominerte kuleøvinga i siste halvpart av 1980-talet med VM-gull 1987 og OL-gull i 1988 som høgdepunkt. Under eit stemne i Moskva i 1987 sette ho med 22,63 m dagens (2014) gjeldande verdsrekord.

Lisovskaja sette verdsrekord med 22,63 m i Moskva den 7. juni 1987, ein rekord ingen sidan har vore i nærleiken av. Nokre veker seinare vart ho verdsmeister i kulestøyt i Roma. Med eit støyt på 21,24 m slo ho austtyske Kathrin Neimke med tre små centimeter. Året etter vart Lisovskaja olympisk meister i Seoul på suverent vis. Med 22,24 m var ho godt over meteren lenger enn dei andre medaljevinnarane, Kathrin Neimke og kinesiske Li Meisu.

Både under europameisterskapen 1990 og i verdsmeisterskapen 1991 tok Lisovskaja sølvmedaljar i kuletevlinga. Astrid Kumbernuss vart europameister med 20,38 m, mot Lisovskaja 20,06 m, med VM-gullet vart vunne av Huang Zhihong frå Kina med 20,83 m mot Lisovskajas 20,29 m. Ved VM i friidrett 1993 vart Lisovskaja nummer fem med 20,02 m.

Lisovskaja er gift med sleggjekastaren Jurij Sedykh. Paret har vore busett i Paris i Frankrike sidan fyrste halvdel av 1990-åra.

  1. Russisk skrift Наталья Лисовская

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy