Hopp til innhald

Nes kyrkje i Bjugn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nes kyrkje
kyrkje
Foto: Jens Jalmar
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Ørland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Fosen
Sokn Nes
Fellesråd Bjugn
Arkitekt Otinius Forbrægd (1879)
John Tverdahl (1958–59)
Byggmeister G.O. Olsen
Material Tre
Innvigd 18. april 1879
 •  Endringar Rest. 1958–59, 2002–03
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Klokker 1, L. Rustad (1878)
Kyrkjegard Ja
Preikestol Frå 1878; evangelistbilete måla av Paul Størseth 1959
Døypefont Av kleberstein (1879)
Altartavle Birger Andresen (1959) e. John Tverdahl
Orgel Brødr. Torkildsen (1913)
Sitjeplassar 350
Kart
Nes kyrkje
63°47′05″N 9°36′14″E / 63.7848°N 9.6039°E / 63.7848; 9.6039
Wikimedia Commons: Nes kyrkje i Trøndelag
Interiør
Foto: Jens Jalmar

Nes kyrkje er ei langkyrkje i Ørland kommune i Trøndelag fylke. Ho har 350 sitjeplassar.[1] Til grunn for oppføringa nytta ein teikningar utarbeidd av Otinius Forbrægd for Jøssund kyrkje.

Altartavla er teikna av John Tverdahl og skore av Birger Andresen i 1959. Motivet er oppstoda. I tårnfoten heng to bilete som ein trur er måla av Peder Andersen Lilje for om lag 300 år sidan. Det eine er ovalt og framstiller Jesus i vinpressa. Det andre er rektangulært og skal vere måla i kopi etter Albrecht Dürer sitt bilete «Schmerzensmann». Dette siste har truleg vore brukt i ei altartavle.

Tidlegare kyrkjer i Nes

[endre | endre wikiteksten]

Nes har hatt kyrkje sidan før reformasjonen. Dei tidlegare kyrkjene stod på garden Nes (gnr. 10), medan dagens kyrkje står på Berg. Eldste kjende omtale er frå perioden 1520–36.[2] Denne kyrkja vart omfattande vøla på 1600- og 1700-tallet og brann ned til grunnen i 1770. Ei ny kyrkje stod klar i 1774. Denne stod til dagens kyrkje vart teken i bruk. Så vart ho teken ned og frakta til Fyrde i Volda, der ho vart innvigd som Austefjord kapell i 1879.

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

  1. Kyrkjesøk
  2. Brendalsmo (2016), s. 59.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy