Nusaybin
Nusaybin | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-Anatolia | ||
Provins | provinsen Mardin | ||
Høgd | 0 moh. | ||
Koordinatar | 37°04′N 41°13′E / 37.067°N 41.217°E | ||
Areal | 825 km² | ||
Folketal | 83 832 | ||
Folketettleik | 102 / km² | ||
Borgarmeister | Ayşe Gökkan | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 47300 | ||
Retningsnummer | 482 | ||
Bilnummer | 47 | ||
Nusaybin 37°05′00″N 41°13′00″E / 37.083333333333°N 41.216666666667°E | |||
Kart som viser Nusaybin.
| |||
Wikimedia Commons: Nusaybin | |||
Nettstad: www.nusaybin.bel.tr |
Nusaybin (akkadisk Naṣibina;[1] i antikken Nisibis; syrisk ܢܨܝܒܝܢ, Niṣībīn; armensk: Մծբին, Mtsbin; kurdisk Nisêbîn) er ein by i provinsen Mardin i Tyrkia, med hovudsakleg kurdisk folkesetnad. Byen har kring 85 000 innbyggjarar[2] (2009). Nabobyen Qamishli i Syria er i røynda eit framhald av byen Nisibin.
Byen vart først nemnd i 901 fvt. som Naşibīna i Assyrarriket. Nsibis er den mesopotamiske byen som etterfølgjarane til Aleksander den store grunnlagde på ny som Antiokia Mygdonia (gresk: Αντιόχεια της Μυγδονίας). Han vart omtalt av fleire greske skribentar. På eit seinare tidspunkt vart han viktig for Romarriket.
I 2006 vart det funne ei massegrav nær Nusaybın som var offer frå det armenske og det assyriske folkemordet under første verdskrigen.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Nusaybin har eit halvtørt klima med ekstremt varme somrar og kjølige vintrar. Regnfall er forholdsvis sjeldan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nusaybin» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mechanisms of Communication in the Assyrian Empire. "People, gods, & places." History Department, University College London, 2009.
- ↑ http://tuikapp.tuik.gov.tr/adnksdagitapp/adnks.zul
- ↑ http://www.myweather2.com/City-Town/Turkey/Nusaybin/Klima-profile.aspx