Hopp til innhald

Nysing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nysande mann.

Nysing er ei plutseleg og eksplosiv utanding gjennom munn og nase som blir utløyst reflektorisk. Ho gjer at slimpartiklar frå nase, munn og svelg blir slynga ut med stor kraftanstrengelser. Samtidig utstøyter ein gjerne ein lyd som kan ha ulik karakter - på norsk uttrykt skriftleg som «atsjo».

Nys kan utløysast ved kjemisk, mekanisk eller termisk irritasjon av visse delar av naseslimhinna, og kan også utløysast av sterkt lys. Ein nys særleg ved allergi og infeksjon i øvre luftvegar, som forkjøling. Ved luftvegsinfeksjonar gjer nys at mikrobar blir spreidde og kan smitta andre gjennom dropesmitte.

We have a custome, that when one sneezes, every one els putts off his hatt, and bowes, and cries God bless ye Sir.

John Aubrey (1626-1697)[1]

Ein har tillagt nysing mange ulike tydingar gjennom tidene. Det kan bera bod om lukke eller ulukke, tyda at nokon tenkjer på ein, at ein vil møta nokon, få eit brev eller anna. Verbale svar på nys er utbreidde, og kan vera knytt til slik tru.[1] Ulike tilsvar er til dømes nordisk «prosit», tysk «gesundheit!», og engelsk «[God] bless you».

  1. 1,0 1,1 Simpson, Jacqueline og Steve Roud. «sneezing», A Dictionary of English Folklore. Oxford University Press, 2003. Oxford Reference. 2003.
  • «Nysing» (13. november 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nysing
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy