Ola Wærhaug
Ola Wærhaug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. desember 1937 (86 år) Skedsmo kommune |
Yrke | skiskyttar |
Ola Wærhaug (fødd 24. desember 1937) er ein tidlegare skiskyttar frå Skedsmo. Han vart verdsmeister i skiskyting 1967 i Altenberg med Noregs lag på 4 x 7,5 km stafett.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Under VM i skiskyting 1965, avvikla i Elverum, vart Wærhaug nummer fire på 20 km. Saman med Olav Jordet, Ragnar Tveiten og Ivar Nordkil utgjorde han i same meisterskapen det norske laget som vann den uoffiselle VM-tevlinga over 4x7,5 km stafett. Året etter kom tevlingsforma stafett med på det offisielle VM-prgrammet.
Høgdepunktet for skiskyttaren Wærhaug kom under verdsmeisterskapen i skiskyting 1967 i Altenberg. Han gjekk då startetappen for det norske stafettlaget som sikra seg gullmedaljane, dei andre på vinnarlaget var Olav Jordet, Jon Istad og Ragnar Tveiten.
Wærhaug deltok i dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley, 1964 i Innsbruck og 1968 i Grenoble. Under leikane i 1968 vann han ein olympisk sølvmedalje i stafett, saman med Olav Jordet, Magnar Solberg og Jon Istad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ola Wærhaug» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2013.
- Einskildmenn
- Fødde i 1937
- Norske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under vinter-OL 1960
- Skiskyttarar under vinter-OL 1960
- Norske deltakarar under vinter-OL 1964
- Skiskyttarar under vinter-OL 1964
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Norske deltakarar under vinter-OL 1968
- Skiskyttarar under vinter-OL 1968
- Folk frå Skedsmo