Paramagnetisme
Utsjånad
Paramagnetisme er ein effekt oppdaga av Michael Faraday i 1845. Makroskopisk kan effekten påvisast ved at eit paramagnetisk material under påverknad av eit ytre magnetfelt blir svakt magnetisert i retninga til feltet. Ein paramagnetisk, stavforma lekam som kan svinge fritt, stiller seg inn med lengderetninga i retninga til feltet, på same måte som ein ferromagnetisk lekam og motsett av ein diamagnetisk lekam. Nokre vanleg paramagnetiske stoff er oksygen, krom, mangan, palladium, platina og dei sjeldne jordmetalla.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- paramagnetisme. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/paramagnetisme