Hopp til innhald

Paris-traktaten av 1814

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paris-traktaten av 1814 var ein fredsavtale som avslutta Den sjette koalisjonskrigen, ein del av Napoleonskrigane. Avtalen blei underteikna den 30. mai 1814. Han blei slutta mellom Frankrike på den eine sida og «den sjette koalisjonen» av Austerrike, Preussen, Russland, Sverige, Storbritannia og fleire tyske statar på den andre.

Forhandlingane byrja 9. mai mellom Talleyrand, som forhandla for eksilkongen Ludvig XVIII av Frankrike og dei allierte frå Chaumont. Avtalen opna for framforhandlinga av fleire traktatar mellom Frankrike og dei ulike landa, og førte til Wienerkongressen der alle partane deltok.

Koalisjonen vann krigen, og tvinga mellom anna den franske keisaren Napoleon til å abdisera og dra i eksil til middelhavsøya Elba. Avtalen omfordelte også fleire landområde til ulike land. Frankrike fekk halda på alle landområda som nasjonen hadde hatt den 1. januar 1792, og fekk tilbake dei fleste territoria Storbritannia hadde erobra i løpet av krigen. Dei einaste unntaka var koloniane Tobago, Saint Lucia, og Mauritius. I tillegg blei Malta gjeven til Storbritannia. Frankrike fekk halda på dei erobra Saarbrücken, Saarlouis, Landau, Montbéliard, delar av Savoie med Annecy og Chambéry, Avignon og Comtat Venaissin, i tillegg til ting det hadde erobra under krigen.

Avtalen gjeninnsette huset Bourbon gjennom Ludvig XVIII som monarkar i Frankrike, Bourbon-restaurasjonen. Avtalen hadde også som mål å avvikla den franske slavehandelen, men ikkje sjølve slaveriet, i løpet av ein femårsperiode. Traktaten gav Sveits sjølvstende medan Malta blei gjeven til Storbritannia.

Sverige, som hadde fått kontroll over den karibiske øya Guadeloupe av Storbritannia, måtte gje øya tilbake til Frankrike. Frankrike på si side anerkjende unionen mellom Noreg og Sverige.

Dei tidlegare Austerrikske Nederlanda (no Belgia) blei overført til Nederlanda under huset Oranien-Nassau. Fleire tyske statar som var blitt konsoliderte under Napoleon heldt på statusen sin, men Preussen fekk landområde ved franskegrensa, i dagens Vest-Tyskland. Fleire ulike statar i Italia blei anerkjende, og sjølvstendet til Sveits blei formelt anerkjend.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy