Hopp til innhald

Paul Grice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Grice
Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 13. mars 1913
Birmingham
Død

28. august 1988 (75 år)
Berkeley

Yrke filosof, universitetslærar, lingvist
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences

Herbert Paul Grice (13. mars 191328. august 1988), som òg er kjend under forfattarnamna H. P. Grice, H. Paul Grice eller Paul Grice, var ein britisk språkforskar og språkteoretikar som i dei to siste tiåra av karrieren sin hadde tilhald i USA. Han vart fødd i Birmingham i England og døydde i Berkeley i USA. Utdanninga tok han hjå University of Oxford i Oxford i England, og hadde arbeidet sitt der fram til 1967, då han flytta til University of California i Berkeley. Arbeida hans om kva som ligg i omgrepa meining og kommunikasjon har vore viktig innanfor semantisk forsking.

Paul Grice er kjend for å ha formulert dei to omgrepa konvensjonell implikatur og konversasjonell implikatur (implikatur tyder den underliggjande eller underforståtte meininga i ei ytring), der han mellom anna introduserer sine fire maksimar for forståing. Konvensjonell implikatur er uavhengig av konteksten, det vil seie at meininga ligg i språket. Men når det gjeld konversasjonell implikatur, er konteksten heilt avgjerande for korleis bodskapen vert forstått. I dette høve gjelde det eit samarbeidsprinsipp mellom avsendar og mottakar av bodskapen, ettersom mottakaren må freiste å forstå kva avsendaren seier. Dei fire maksimane, som altså berre har med konversasjonell implikatur å gjere, går difor ut på:

  • Kvantitet: Gje så presise informasjonar som du kan, og sei korkje for lite eller for mykje.
  • Kvalitet: Sei sanninga, og gje ikkje vidare informasjon som du ikkje kan prove er sann.
  • Relasjon: Gje så relevant informasjon som mogleg.
  • Måten: Unngå uklare og tvitydige ytringar, og gje så stutte og velordna meldingar som mogleg.

Publikasjonar av Herbert Paul Grice

[endre | endre wikiteksten]

Arbeida til Herbert Paul Grice er samla i boka: Studies in the Way of Words, Harvard University Press 1989, ISBN 0-674-85271-0

  • 1957. Meaning, The Philosophical Review 66: 377-88.
  • 1969. Utterer's Meaning and Intention, The Philosophical Review 78: 147-77.
  • 1975. Logic and conversation. In Cole, P. and Morgan, J. (eds.) Syntax and semantics, vol 3. New York: Academic Press.
  • 1991. The Conception of Value. Oxford University Press. 1979, John Locke Lectures.
  • 2001. Aspects of Reason (Richard Warner, ed.) Oxford University Press.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy