Prydhette
Utsjånad
Prydhette | |
Prydhetter Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
| |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes |
Underklasse: | Agaricomycetidae |
Orden: | Skivesoppordenen Agaricales |
Familie: | Mycenaceae |
Slekt: | Hettesoppar Mycena |
Art: | Prydhette M. renati |
Vitskapleg namn | |
Mycena renati |
Prydhette (Mycena renati) er ein mellomstor hettesopp med raudbrun hatt og gul stilk. Han kan vanskeleg forvekslast med andre artar og vert òg lett attkjend på den gule stilken. Hatten er 1–3,2 centimeter på tvers.
Prydhette veks om sumar og haust i kippe på lauvved.
I Noreg veks arten i Sør-Noreg og er relativt ofte registrert. Han er derimot ikkje so vanleg og vert sannsynlegvis registrert av di han er lett å kjenna att.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artiklane Prydhette - Mycena renati og Mycena renati skrivne av Arne Aronsen. Artiklane vart utgjevne av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 3.0. Henta 19. juli 2016.