Sabotasje
Sabotasje er ei handling som har til føremål å svekkje eller øydeleggje ei verksemd eller struktur - til dømes militær infrastruktur. Dei som driv med slikt, er sabotørar. Somme tider vil sabotøren dølja handlinga på grunn av konsekvensane dersom handlinga vert oppdaga.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Det finst fleire hypotesar som freista forklåra kvar ordet kjem frå: At arbeidarar nytta treskorne for å sinke arbeidet (det franske ordet sabot tyder 'tresko')[1]. Ein version av historia fortel at misnøgde vevarar i Frankrike protesterte gjennom å kaste treskorne sine inn i mekanikken på automatiske vevstolar under den industrielle revolusjonen.[2] (ein annan variant av historia fortel at det var vevarar i Nederland på 1500-talet[3]). Dei fleste treskorne var laga av selje eller poppel, dei same treslaga som vart brukte i vindmøllar, automatiske vevstolar og slikt. I slike høve var det vanskeleg å påvisa sabotasjen, for det vart ofte uråd å skilja treskorestane frå resten av mekanikken når ein skulle finna årsaka til at systemet vart øydelagd.
Når ein gjer sabotasje på arbeidsplassen, er dette oftast ein medviten freistnad på å oppnå forandring i arbeidsforholda. Døme på dette kan vera å utføre arbeidet heilt etter arbeidsinstruksen sin bokstav, slik at arbeidet tek lang tid, eller lage «uhell».
Som stridshandling
[endre | endre wikiteksten]I krig er sabotasje eit vanleg kampmiddel. Tungtvassaksjonen, Operasjon Company i Eydehavn, sabotasjen mot DS «Donau» og sabotasjeaksjonane mot Thamshavnbanen er kjende sabotasjeaksjonar i Noreg under andre verdskrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «sabotere» i Nynorskordboka.
- ↑ Weir, Robert E.: Workers in America: A Historical Encyclopedia, ABC-CLIO, 8. jan 2013, s. 687.
- ↑ Hodson, Randy och Teresa A. Sullivan: The Social Organization of Work, s. 69.
- Denne artikkelen bygger på «Sabotage» frå Wikipedia på svensk, den 17. november 2017.