Salongmusikk
Utsjånad
Salongmusikk var ein populær musikksjanger i Europa på 1800-talet. Han vart vanlegvis skriven for solospel på piano i romantisk stil, og vart ofte framført som underhaldningsmusikk i musikksalongar. Salongstykke er vanlegvis relativt korte og ofte utan eit djupare innhald, men kan til gjengjeld seiast å vere svært elegante og virtuose.