Svetlana Kriveljova
Svetlana Kriveljova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 13. juni 1969 (55 år) Brjansk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Svetlana Vladimirovna Kriveljova (fødd 13. juni 1969) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Brjansk som tevla i kulestøyt. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1992 og verdsmeister i 2003. Kriveljova er 182 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 100 kg.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kriveljova tok bronsemedaljen i kulestøyt ved friidretts-VM 1991, bakom vedsmeister Huang Zhihong og Natalja Lisovskaja. Under dei olympiske leikane 1992 i Barcelona vann ho gullmedaljen framom verdsmeister Huang og Kathrin Neimke. I 1993 fekk Kriveljova VM-sølv i Stuttgart, med Huang framom og Neimke bakom seg på resultatlista.
Etter ei pause på to år deltok Kriveljova i Sommar-OL 1996 i Atlanta, der ho rauk ut i kvalifiseringa. Våren 1999 vann ho kulestøyt ved innandørs-VM i Maebashi. Seinare i 1999 vart ho nummer tre i verdsmeisterskapen i Sevilla, slått av dei tyske utøvarane Astrid Kumbernuss og Nadine Kleinert. Under Sommar-OL 2000 enda Kriveljova på fjerdeplassen.
Både under innandørs-VM 2001 i Lisboa og EM i friidrett 2002 i München vann ho bronsemedaljar. Året etter sigra ho ved i VM i friidrett 2003 i Paris, framom kviterussiske Nadseja Astaptsjuk og ukrainske Vita Pavlysj. Våren 2004 vart ho opphavleg nummer to i kuletevlinga ved innandørs-VM i Budapest, men vart seinare tilkjend sigeren ettersom vinnaren Vita Pavlysj viste seg å ha vore dopa.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Kriveljova var største favoritten i kvinnene si kulestøyt-tevling ved sommarleikane 2004. Ho enda på fjerdeplass, men sidan vinnaren, landskvinna Irina Korzjanenko testa positivt på stanozolol og mista OL-gullet, rykte Kriveljova opp på bronseplass. I sin siste sesong vart Kriveljova nummer fire i VM i friidrett 2005 i Helsinki.
Etter at Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) retesta 2004-prøvene og fekk positivt utslag på Kriveljova, vart OL-plasseringa hennar annullert i desember 2012. Også VM-prestasjonen frå 2005 vart annullert. I april 2013 vart ho av det russiske friidretsbundet utestengd frå tevlingar i to år. Ho hadde då forlengst lagt opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje – 20,16 m, bakom Natalja Lisovskaja (20,29 m)
- OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 21,06 m, framom Huang Zhihong (20,47 m)
- VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 19,97 m, framom Kathrin Neimke (19,71 m)
- OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (18,23 =nr 15)
- VM 1997 i Aten: Nr 10 – 17,38 m
- EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 19,08 m, bakom Janina Karoltsjik (19,23 m)
- VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 19,43 m, bakom Nadine Kleinert (19,61)
- OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 19,37
- VM 2001 i Edmonton: Nr 9 – 18,70 m
- EM 2002 i München: Bronsemedalje – 19,56, bakom Vita Pavlysj (20,02 m)
- VM i 2003 i Paris: Gullmedalje – 20,63 m, framom Nadseja Astapsjuk (20,12 m)
- OL 2004 i Aten: Bronsemedalje (annullert i 2012)
- VM i 2005 i Helsinki: Nr 4 (annullert i 2012)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Swetlana Wladimirowna Kriweljowa» frå Wikipedia på tysk, den 3. september 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1969
- Sovjetiske kulestøytarar
- Russiske kulestøytarar
- Verdsmeistrar i friidrett for Russland
- Olympiske meistrar for SUS
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Russiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Dopingsaker i friidrett