Tell Salhab
Tell Salhab | |||
تل سلحب | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hama | ||
Distrikt | Al-Suqaylabiyah | ||
Nahiyah | Tell Salhab | ||
Koordinatar | 35°15′39″N 36°22′56″E / 35.26089°N 36.382223°E | ||
Folketal | 15 454 (2004) | ||
Tell Salhab 35°15′39″N 36°22′56″E / 35.2609°N 36.3822°E | |||
Kart som viser Tell Salhab.
| |||
Wikimedia Commons: Tell Salhab |
Tell Salhab (arabisk تل سلحب, òg skrive Tal Selhab) er ein by nord i Syria i Hama guvernement, som ligg 48 km nordvest for Hama. Han ligg heilt sør på Ghabsletta og på vestbreidda av Orontes.[1] Av stader i nærleiken finn ein Nahr al-Bared, Asharnah og al-Suqaylabiyah i nord, Deir Shamil og Deir Mama i sør, Tremseh, Mhardeh og Halfaya i aust.
I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Tell Salhab eit folketal på 15 454 i 2004. Han er òg senter i ein nahiyah («underdistrikt»), som er ein del av Al-Suqaylabiyah-distriktet. Dette består av 18 stader med eit samla folketal på 38 783 i 2004.[2] Tidleg i 1960-åra hadde byen kring 700 innbyggjarar. Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.[3]
Byen var det tradisjonelle setet i klanen Junaydi, som ofte leia alawittar-forbundet Kalbiyya.[4] I 1978 vart eit 5 200 m² sukkerraffineri bygt i Tell Salhab til ein kostnad på $50 millionar. Raffineriet bestod av ein sukkerroesilo, eit vaskeanlegg, ei presse og tørkeanlegg, og eit vassreservoar.[5]
Arkeologiske funn
[endre | endre wikiteksten]Nær Tell Salhab ligg Tell 'Acharneh, ein stor haug som ein trur kan vere staden byen Tunip låg i antikken. Det vart før borgarkrigen drive utgravingar på staden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tell Salhab» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «لمحة موجزة عـن مدينة تــــــل سلحــــــب» (på arabisk). محافظة حماة. 3 mars 2011. Arkivert frå originalen 12. mai 2014. Henta 25. desember 2012.
- ↑ Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
- ↑ Boulanger, Robert (1966). The Middle East, Lebanon, Syria, Jordan, Iraq, Iran. Hachette. s. 452.
- ↑ Batatu, Hanna (1999). Syria's Peasantry, the Descendants of Its Lesser Rural Notables, and Their Politics. Princeton University Press. s. 377. ISBN 0691002541.
- ↑ «Salhab sugar refinery nears completion». The Middle East Economic Digest 22. 1978. s. 43.