Hopp til innhald

Tove Linnea Brandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tove Linnea Brandvik

Fødd15. november 1968 (56 år)
Levanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedhandelshøyskole
Handelshøyskolen BI
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • ordførar i Lindås (2003–2007)
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2009–2013) Sjå dette på Wikidata

Tove Linnea Brandvik (fødd 15. november 1968 i Levanger) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som har vore ordførar og stortingsrepresentant. Brandvik sit også i sentralstyret til Arbeidarpartiet.

Tove Linnea Brandvik var ordførar i Lindås kommune frå 2003 til hausten 2007. Då Brandvik vart ordførar i 2003 vart ho Lindås kommune sin første kvinnelege ordførar og så langt yngste ordførar, berre 35 år. Brandvik gjekk inn i si første kommunestyreperiode som ordførar. Ho kom frå stillinga som Senterleiar på kjøpesenteret Lindås Senter.

Brandvik var vararepresentant for ArbeidarpartietStortinget i perioden 2005-2009. Frå 2009 møtte ho fast og vart medlem i Arbeids og sosialkomiteen. Ho vart med dette den første fast møtande funksjonshemma stortingsrepresentanten. Som vararepresentant vart Brandvik kjend som Noregs første rullestolbrukar på Stortinget. Årsaka var at ein måtte gjere diverse tilpassingar i stortingssalen, som på førehand ikkje var tilpassa rullestolbrukarar.

Brandvik er fødd i Levanger og budde store delar av oppveksten i Leirfjord kommune i Nordland. Ho er utdanna diplomøkonom frå BI Trondheim / BI Bergen. I 2007 var ho nestleiar i regionrådet Nordhordland IKS, styreleiar for Nordhordlands kraftlag, nestleiar i Hordaland Arbeidarparti og medlem i Arbeidarpartiets Sentralstyre.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy