Hopp til innhald

Transformator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fig. 1 Døme på små effekttransformatorar.

Transformator er ein elektomagnetisk komponent som vert nytta for impedansetransformasjon, som tilsvarar at spenninga eller straumen vert transformert opp eller ned. Om spenninga vert transformert opp vert straumen transformert ned, eller motsett.

Grunnleggande oppbygging og verkemåte

[endre | endre wikiteksten]
Fig. 2 Transformator.

Transformatorar er bygd opp med to galvanisk isolerte krinsar som er kopla saman med ein magnetisk fluks. Dei to krinsane, som vert kalla primærkrins og sekundærkrins, har kvar sin spole som er vikla rundt eit materiale med liten reluktans (kalla transformatorkjernen), som den magnetiske fluksen fylgjer, Fig. 2.

Fluksen i den magnetiske krinsen

der N1 er vinningstalet i primærspolen, i er straumen i primærspolen og er reluktansen til transformatorkjernen. Fluksen fylgjer den magnetiske leiaren (transformatorkjernen), slik at same fluksen går gjennom begge spolane. I sekundærkrinsen induserer fluksen (i fylgje Faradys lov) ei spenning

der N2 er vinningstalet i sekundærviklinga og er den tidsderiverte av fluksen. Forholdet mellom spenningane i sekundær- og primærkrinsen kan difor uttrykkast

Ideell transformator

[endre | endre wikiteksten]

Ein ideell transformator er ein forenkla modell av ein transformator som ikkje har tap. Fig. 3 syner ein ideell transformator med ein lastimpedans i sekundærkrinsen. Straumen i lastmotstanden

Ein ideell transformator har ikkje tap, så effekten i sekundærkrinsen må vera lik effekten i primærkrinsen:

som er det same som at

Ved å kombinera likningane kjem ein fram til fylgjande samanhengar for ein ideell transformator:

Om vert spenninga transformert opp () og straumen vert transformert ned ().

Lastimpedansen sett frå primærsida kan uttrykkast

På same måte kan kildeimpedanse sett frå sekundærsida uttrykkast

Ein ser at spenningar og straumar vert transformerte med omsettingsforholdet , medan impedansar vert transformerte med kvadratet av omsetningsforholdet.

Ulike typar transfomatorar

[endre | endre wikiteksten]

Effekttransformatorar

[endre | endre wikiteksten]

Signaltransformatorar

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy