Hopp til innhald

Vikna kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikna kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Rørvik
Areal 318 km²
 •  land 310 km²
 •  vatn km²
Målform nøytral
Ordførar Amund Hellesø (Ap)
Kommunenr. 5050
Kart
Vikna
64°54′42″N 11°01′55″E / 64.911666666667°N 11.031944444444°E / 64.911666666667; 11.031944444444
Kart som viser Vikna kommune.
Kart som viser Vikna kommune.
Kart som viser Vikna kommune.
Wikimedia Commons: Vikna
Nettstad: www.vikna.kommune.no

Vikna kommune er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Kommunen låg på kysten nord for fjorden Folda, og grensar til Flatanger i sør, til Nærøy i aust og til Leka i nord. Han bestod av i underkant 6000 øyar, holmar og skjer. Den største tettstaden og administrerande senter i kommunen var Rørvik som ligg på Inner-Vikna. Vikna og Nærøy kommunar blei slått saman til Nærøysund kommune den 1. januar 2020.

Det høgste punktet i kommunen var Vattafjellet på 173 meter over havet. Vikna hadde den lengste kystlinja i Noreg på 2460 km.[1]

Lauvøya og dei tre største øyane i den tidlegare kommunen er knytte saman med bruer via fylkesveg 770. Lokal flyplass, Rørvik lufthamn, Ryum, ligg sør på Inner-Vikna. Hurtigruta stoppar ved Rørvik.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Vikna var den største fiskerikommunen i Nord-Trøndelag, med mykje fiskeopprett og dei største mottaka av fisk i fylket. I nyare tider har fisket gått litt tilbake medan jordbruket har auka. Vikna har litt industri som i hovudsak er basert på fisket.

Ein vindmøllepart ligg på Husfjellet og har ein årsproduksjon på 6 GWh i snitt.[2]

  1. Viknanett - Vikna næringsforening, arkivert frå originalen 19. januar 2010, henta 2. oktober 2011 
  2. Vikna - Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy