Zubarah
- Denne artikkelen handlar om byen i Qatar. For busetnaden i Fujairah, sjå Zubarah i Fujairah.
Zubarah | |||
الزبارة | |||
landsby | |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
kommune | Madinat ash Shamal | ||
Koordinatar | 25°58′43″N 51°01′35″E / 25.97861°N 51.02639°E | ||
Areal | 4,6 km² | ||
Folketal | 1 009 (2010)[1] | ||
Verdsarvstad | |||
Namn | Al Zubarah arkeologiske stad | ||
År | 2013 (#37) | ||
Nummer | 1402 | ||
Kriterium | Kulturelt | ||
Zubarah 25°59′00″N 51°01′38″E / 25.9833949°N 51.0272187°E | |||
Kart som viser Zubarah.
| |||
Wikimedia Commons: Zubarah |
Zubarah (arabisk الزبارة, òg kalla Al Zubarah eller Az Zubarah) er ein landsby på nordvestkysten av Qatarhalvøya i Madinat ash Shamal kommune, kring 105 km frå hovudstaden Doha. Han vart grunnlagd av kjøpmenn frå Kuwait på midten av 1700-talet.[2] Staden vart innskriven på verdsarvlista i 2013.[2]
Zubarah var eit viktig senter for global handel og perlefiske sidan han låg halvvegs mellom Hormuzsundet og den vestlege armen av Persiabukta. Han er eit av dei største og best bevarte døma på ein busetnad frå 1700- og 1800-talet i regionen. Utforminga har blitt godt bevart i motsetnad til mange andre busetnader i Persiabukta, og gjev innsikt i korleis bylivet- og den sammfunnsmessige og økonomiske historia i Persiabukta var før det vart funne olje og gass på 1900-talet.[3]
Området dekkjer kring 400 mål (60 mål innafor den ytre bymuren) og er den viktigaste arkeologiske funnstaden i Qatar. Staden består av ein festningsby, med ein nyare indre, og ein eldre ytre mur, ei hamn, ein kanal, to skjermande murar, Qal'at Murair (Murair fort), og det nyare Zubarah fort.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zubarah» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Census of Population and Housing and Establishments» (PDF). Qatar Statistics Authority. Arkivert frå originalen (PDF) 29. mai 2015. Henta 19. mars 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «Al Zubarah Archaeological Site». UNESCO. Henta 1. april 2017.
- ↑ Richter, T., Wordsworth, P. D. & Walmsley, A. G. 2011: Pearlfishers, townsfolk, beduin and Shaykhs: economic and social relations in islamic Al-Zubarah. P. 2. In Proceedings of the Seminar for Arabian Studies. 41, s. 1-16
- ↑ «Qatar islamic Archaeology and Heritage Project». University of København. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 1. april 2017.