Content-Length: 77617 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Lars_Leiro

Lars Leiro – Wikipedia Hopp til innhald

Lars Leiro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Leiro
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. april 1914
Haus kommune
Død

22. mars 2005 (90 år)
Oslo

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Lars Leiro (13. april 191422. mars 2005) var ein norsk politikar og gardbrukar frå HausOsterøy.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Lars Leiro var ordførar i Voss kommune i perioden 1956-1958. Han var samferdsleminister i John Lyng si regjering i 1963 og vart vald til parlamentarisk leiar for Senterpartiet i 1965. I tida 1961-1969 var han òg nestformann for partiet. Han representerte Hordaland fylke for Senterpartiet på Stortinget mellom 1958 og 1969.

I 1966 vart han utnemnd til fylkesmann i Bergen og Hordaland fylke. Bergen var fram til 1972 rekna som eit eige fylke. Leiro gjekk av med pensjon i 1984. Leiro var kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Lars_Leiro

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy