Bahrain
مملكة البحرين Mamlakat al-Bahrayn (norsk: Bahrain, bahrainsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Bahrainona» | ||||||
Motto | Ingen | ||||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||||
Hovudstad | Manama | ||||||
Styresett |
Monarki Hamad bin Isa Al Khalifa Khalifa bin Salman Al Khalifa | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
760 km² (175.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
1 410 942 (152.) 1 856,5 /km² (4.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
1971 | ||||||
Nasjonaldag | 16. desember | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
64 900 mill. USD (96.) 55 400 USD (16.) | ||||||
Valuta | Bahrainsk dinar | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +974 | ||||||
Toppnivådomene | .bh
|
Bahrain (arabisk: البحرين - Dawlat al-Bahrayn) er eit land i Persiabukta som består av 36 øyar med korallrev rundt. Landet produserer petroleum og noko aluminium.
Geografi
Dei tre største øyane i landet heiter Bahrain, Muharraq og Sitra. Bruer og demningar bind desse og det saudi-arabiske fastlandet saman.
Klima
Bahrain har svært høg luftfukt året rundt, bortsett frå når varm og tørr luft bles frå landområda rundt. Det kjem likevel særs lite nedbør, berre litt under 100 mm på eit normalt år. Det vesle som kjem fell som regel mellom november og mars. Landet har likevel store grunnvassreservoar.
Høge temperaturar frå april til oktober fører til svært trykkande varme som kan kjennast ubehageleg. Vintertemperaturane er meir behaglege, men av og til kan ein kjølig nordleg vind frå Iran føre til lågare temperaturar. Middeltemperaturen er 17 °C i januar, 34 °C i august. August og september er dei varmaste månadane og temperaturen kan då stige til over 40 °C.
Historie
Bahrain var britisk protektorat frå 1867 til 1971, då det fekk sjølvstende.
Innbyggjarar
Bahrainarane er hovudsakleg arabiske muslimar, men landet har òg ein del gjestearbeidarar frå India og Pakistan. Om lag 235 000 av 667 000 innbyggjarar (2003) har ikkje bahrainsk statsborgarskap.
Arabisk er det offiselle språket, men engelsk er mykje brukt både av styresmaktene og folket generelt.
Politikk
Bahrain er eit kongedømme styrt av Al-Khalifa-familien, med kongen som statsoverhovud mens statsministeren er regjeringssjef. Hamad bin Isa al-Khalifa er konge mens onkelen hans Khalifa bin Salman al-Khalifa er statsminister. Begge tek avgjersler i samråd med ministrane. Inntil 1999 var statsoverhovudet emiren, men Hamad bin Isa al-Khalifa endra tittelen til konge.
Det første parlamentsvalet blei halde i 2002, då også kvinner fekk stemmerett.