Benin
Benin er ein republikk i Vest-Afrika som fram til 1975 vart kalla Dahomey. Landet har Nigeria og Togo som naboar i aust og vest, med kortare grenser til Burkina Faso og Niger i nord. Ei smal kystline mot Beninbukta finst i sør.
République du Bénin
(norsk: Benin, beninsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «L'Aube Nouvelle» | ||||||
Motto | Fraternité, Justice, Travail (Brorskap, rettferd, arbeid) | ||||||
Offisielle språk | Fransk | ||||||
Hovudstad | Porto-Novo, Cotonou¹ | ||||||
Styresett |
Republikk Yayi Boni | ||||||
Flatevidd – Totalt |
112 622 km² (101.) | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik |
11 038 805 (87.) 6 769 914² 98 /km² (86.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
1. august 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 1. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
21 160 mill. USD (137.) 2 000 USD (173.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +229 | ||||||
Toppnivådomene | .bj | ||||||
¹Regjeringssete |
Historie
Det historiske kongeriket Dahomey hadde senter i dagens Benin. Dette dekte store delar av Vest-Afrika på 1600-talet, og dreiv mellom anna slavehandel med europearar. Kystområdet i landet var kjent som Slavekysten.
Frå 1700-talet tok riket til å veiknast, og Frankrike tok det over som koloni i 1892. Det fekk sjølvstyre i 1958 som Dahomeyrepublikken, og fullt sjølvstende i august 1960.
Etnisk strid og fleire statskupp prega dei neste tolv åra. Etter at tre stridande partar hadde gått saman om å danna eit styringsråd i 1970, blei dei rivne frå makta i 1972 av Mathieu Kérékou. Han etablerte eit marxistisk styre, og gav landet det nye namnet Benin i 1975. I 1979 blei det første valet halde. Kérékou blei stemd ut i 1991 til fordel for den tidlegare statsministeren Nicephore Soglo. Dette var den fyrste vellukka overgongen frå diktatur til demokrati i Afrika.
I 1996 blei Kérékou vald til president igjen, med gjenval i 2001.
Politikk
Landet er republikk med fleirpartisystem. Det gjekk vekk frå den offisielle lina med marxist-leninisme i 1989. Røysteretten er allmenn frå fylte 18 år, og val til nasjonalforsamlinga blir haldne kvart fjerde år. Presidenten leiar staten og regjeringa. I følge grunnlova frå 1990 kan ein president sitja ved makta i maks to periodar.
Geografi
Terrenget er for det meste flate sletter, med nokre åsar og låge fjell. Høgste punkt er Mont Sokbaro med 658 moh.
Departement
Benin er inndelt i 12 departement:
Klima
Kystområda av Benin har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har tørketid frå oktober til april, og temperaturane kan i denne tida bli ganske så høge, men med relativt låg fukt. Den støvete harmattanvinden bles derimot frå nordaust. Frå desember til februar kan harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå eit smalt område ved kysten. Kyststrøka har stort sett sørvestleg vind.
På kysten er det minst sannsyn for regn frå desember til februar. Kysten er litt tørrare enn områda like innafor på grunn av dei same årsakene som gjer at kysten av Ghana er tørr. I hovudsak kjem dette av kalde havstraumar utafor kysten og at den sørvestlege vinden er kystparallell. Cotonou, som ligg på kysten, har ein årleg nedbørsnormal på 1327 mm.
Økonomi
Økonomien er underutvikla, og baserer seg på jordbruk, bomullsproduksjon og regional handel. Vekst i økonomien i seinare år har vorte oppvege av auka i folketalet.
Innbyggjarar
Det finst rundt førti ulike folkegrupper i landet. Den største er fonfolk, som utgjer rundt 49 % av innbyggjarane. Andre større grupper er adja-, yoruba-, somba og baribatalarar. Statsspråket fransk blir hovudsakleg tala i byane.
AIDS held døydelegheita kunstig høg.
Kultur
Ein trur at voodoo stammar frå Benin og vart overført til Brasil, dei karibiske øyar og delar av Nord-Amerika med slavehandelen. Circa 70 % av folkesetnaden i landet praktiserer denne religionen, som sidan 1992 har vore anerkjent som ein av dei offisielle religionane.