Hopp til innhald

Act Naturally

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Act Naturally
Singel av Buck Owens and The Buckaroos
frå albumet The Best of Buck Owens
B-side

«Over and Over Again»

Språk engelsk
Utgjeve 11. mars 1963
Innspelt Capitol Studios, Hollywood i California, 12. februar 1963
Sjanger Country
Lengd 2:19
Selskap Capitol
Komponist Johnny Russell, Voni Morrison
Tekstforfattar Johnny Russell, Voni Morrison
Låtskrivar(ar) Johnny Russell, Voni Morrison
Produsent Ken Nelson
Buck Owens and The Buckaroos-kronologi 
«You're for Me»
(1962)
Act Naturally «Love's Gonna Live Here»
(1963)


«Act Naturally» er ein song skrive av Johnny Russell og Voni Morrison, og opphavleg spelt inn av Buck Owens, som nådde førsteplassen på Country-lista i USA med singelen i 1963.[1] Dette var første gongen Owen var på førsteplassen.[2] I 2002 plasserte Shelly Fabian frå About.com songen på 169. plass på lista over dei 500 største countrysongane nokon gong.[3]

Songen er spelt av mange andre artistar, mellom anna Loretta Lynn og The Beatles.[4]

«They're gonna put me in the movies
They're gonna make a big star out of me
We'll make a film about a man that's sad and lonely
And all I gotta do is act naturally»

Johnny Russel

Songen var sterkt medverkande til å gjere Buck Owens til ei stor stjerne og songen låg totalt 28 veker inne på countrylista i USA. I løpet av 1960-åra hadde Owens heile 19 songar på toppen av countrylista.[5]

The Beatles spelte inn songen for albumet Help! i 1965 og han vart gjeven ut som B-side på singelen «Yesterday».[6] Beatles-utgåva er sungen av Ringo Starr.[7]

  1. «Buck Owens: Charts & Awards: Billboard Singles». Allmusic. Henta 12. oktober 2008. 
  2. «Buck Owens: Biography». Allmusic. Henta 12. oktober 2008. 
  3. Shelly Fabian (2002). «Top 500 Country Music Songs». About.com. Henta 12. oktober 2008. 
  4. «"Act Naturally" Performers». Allmusic. 
  5. Joel Whitburn (2005). Top Country Songs 1944 to 2005. Menomonee Falls, Wis.: Record Research. s. 281. ISBN 0-89820-165-9. 
  6. Craig Cross (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. Lincoln, NE: iUniverse, Inc. s. 495, 534-535. ISBN 0-595-34663-4. 
  7. Ian MacDonald (1994). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties. New York: Henry Holt and Company. s. 127. ISBN 0-8050-2780-7. 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy