Al-Amarah
Utsjånad
(Omdirigert frå Amarah)
Amarah | |||
العمارة | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Maysan | ||
Høgd | 12 moh. | ||
Folketal | 511 542 (2012) | ||
Grunnlagd | 1860 | ||
Al-Amarah 31°50′00″N 47°09′00″E / 31.833333333333°N 47.15°E | |||
Wikimedia Commons: Amarah |
Amarah (arabisk العمارة, Al ‘Amārah, òg skrive Amara) er ein by i det søraustlege Irak ved breidda av Tigris sør for Bagdad, kring 50 km frå grensa til Iran. Han ligg heilt nord i myrlandskapet mellom Tigris og Eufrat.[1]
Han er hovudsakleg busett av sjiamuslimar, og hadde kring 340 000 innbyggjarar i 2002 og 420 000 i 2005.[2] Byen er det administrative senteret i guvernementet Maysan. Staden er eit stort handelssenter for det kringliggande jordbruksområdet, og er kjend for vevevarer og sølvarbeid.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Amarah har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med ekstremt varme og tørre somrar og kjølige, våtare vintrar.
Vêrdata for Amarah | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 16,5 | 19,6 | 24,4 | 31,3 | 38,3 | 43,1 | 45,5 | 44,9 | 42 | 35 | 25,8 | 18,5 | 32,1 |
Gjennomsnittleg min °C | 6,2 | 8,1 | 12 | 17,5 | 23,2 | 26,6 | 28,5 | 27,6 | 23,6 | 18,3 | 12 | 7,8 | 17,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 37 | 25,1 | 33,6 | 14,8 | 3,9 | 0 | 0 | 0 | 0,7 | 6 | 19,8 | 36,5 | 177,4 |
Gns. dagar med regn | 8 | 6 | 7 | 6 | 4 | 0 | 0 | 0 | 0 | 3 | 5 | 6 | 45 |
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN) [3] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al-Amarah» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Al 'Amarah». Encarta Online Encyclopedia. Microsoft. 2001. Henta 27. februar 2021.
- ↑ Kjeilen, Tore. «Al Amarah». Encyclopaedia of the Orient. Arkivert frå originalen den 21. oktober 2006. Henta 27. februar 2021.
- ↑ «World Weather Information Service – Amarah». United Nations. Henta 1. januar 2011.