Beauty and the Beast av David Bowie
Beauty and the Beast Singel av David Bowie frå albumet “Heroes” | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 6. januar 1978 | |
Innspelt | Juli–august 1977 | |
Studio | Hansa Studio by the Wall i Vest-Berlin | |
Sjanger | Kunstrock, dance-rock | |
Lengd | 3:32 5:18 (12" extended version) | |
Selskap | RCA PB 1190 PC 1204 (12« Spain) JD 11204 (12» US promo) | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«“Heroes”» (1977) |
Beauty and the Beast | «Breaking Glass» (1978)
|
«Beauty and the Beast» er ein song av David Bowie, og opningssporet på albumet "Heroes" frå 1977. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i januar 1978 og vart ein liten hitt i Storbritannia der han nådde 39. plassen.
Musikk og tekst
[endre | endre wikiteksten]Songen opnar med ein usamanhengande kombinasjon av piano, gitar, elektronikk og stemmer som aukar i eit crescendo, og det har vorte sagt at det høyrest ut som «om Bowie er i ferd med å omskapast til Hulken».[1] I sjølve songen spelar Robert Fripp sologitar med handsamingar og synthesizer av Brian Eno. Fripp har sagt at gitarspelinga hans på songen vart gjort på direkten like etter han kom i studio første gongen.[2]
Teksten er tolka som eit tilbakeblikk av Bowie på alvorlege stemningssvingningar han hadde under kokainmisbruket sitt då han budde i Los Angeles frå 1975 til 1976, med linja «Thank God Heaven left us standing on our feet», noko som indikerer at songaren er takksam for å ha kome seg gjennom perioden.[3] Uttrykket «someone fetch a priest» uttrykker ikkje eit ønske om religiøs hjelp, men til bannskapen til medprodusent Tony Visconti som han ofte uttrykte under innspelinga av "Heroes", «someone fuck a priest».[3]
Utgjeving og etterverknad
[endre | endre wikiteksten]Som oppfølgjarsingel til «"Heroes"», vart «Beauty and the Beast» rekna som eit uvanleg val,[3] og nådde berre så vidt Topp 40 i Storbritannia. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skurrande, truande snerten (og det var ein av dei mest truande singlane i eit truande år) gjorde at mange potensielle kjøparar, som hadde kjøpt den førre singelen, heldt seg unna.»[1] Den amerikanske utgåva nådde ikkje lista der, trass i at han hadde den tidlegare nummer-ein-hitten «Fame» som B-side.
Bowie har berre spelt songen live på 1978-turneen, og eit konsertopptak finst på Stage.
I ei anna tolking skreiv James E. Perone: «'Beauty and the Beast' er ein av desse David Bowie-songane med tekst som kan få lyttaren til å klø seg i hovudet og lure på kva dei tyder. Bowie etablerer ei grunnleggjande kjensle av vondskap i lufta gjennom sine impresjonistiske og ikkje-lineære tekstar. Referansane til Bowie let lyttaren lese Beauty and the Beast-karakterane på to mulige måtar. Anten er dei to einingar, eller kanskje to sider av same eining. I begge tilfelle gjenstår det faktum at den mørke sida - som Bowie maler som uunngåelig - styrer situasjonen han konstruerer. Lyttaren må hugse på at Bowie har laga bilete basert på god-vond-dialektikken gjennom heile karrieren: han er ikkje unik for «Beauty and the Beast». Derimot er det interessant å vurdere korleis Berlin kanskje påverka Bowie på dette tidspunktet i karrieren. Visst passer dialektikken mellom Ast-Berlin/Vest-Berlin, kommunisme og demokrati, fint inn i korleis lyttaren kanskje forstår songen.»[4]
Utgjeving og etterverknad
[endre | endre wikiteksten]Som oppfølgjarsingel til «"Heroes"», vart «Beauty and the Beast» rekna som eit uvanleg val,[3] og nådde berre så vidt Topp 40 i Storbritannia. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skurrande, truande snerten (og det var ein av dei mest truande singlane i eit truande år) gjorde at mange potensielle kjøparar, som hadde kjøpt den førre singelen, heldt seg unna.»[1] Den amerikanske utgåva nådde ikkje lista der, trass i at han hadde den tidlegare nummer-ein-hitten «Fame» som B-side.
Bowie har berre spelt songen live på 1978-turneen, og eit konsertopptak finst på Stage.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]7"-singel
[endre | endre wikiteksten]- «Beauty and the Beast» (David Bowie) – 3:32
- «Sense of Doubt» (Bowie) – 3:57
12"-singel
[endre | endre wikiteksten]- «Beauty and the Beast (Special Extended Version)» (Bowie) – 5:18
- «Fame» (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar) – 3:30
- 12« was only released in US (as a 12» Promo) and Spain.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Musikarar:
- David Bowie: vokal, piano
- Robert Fripp: sologitar
- Carlos Alomar: rytmegitar
- George Murray: bassgitar
- Dennis Davis: trommer
- Brian Eno: synthesizer, gitarhandsamingar
- Antonia Maass: korvokal
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- Konsertopptak frå Isolar II-turneen er komne ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Songen vart spelt av det kristne heavy metal-bandet Deliverance på albumet Camelot-in-Smithereens (1995).
Andre utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]- Han finst på samleplatene:
- Chameleon (Australia og New Zealand 1979)
- The Singles Collection (1993)
- The Best of David Bowie 1974/1979 (1998)
- The Collection (2005)
- The Platinum Collection (2005/2006)
- Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.
- Den lengre versjonen av songen kom første gongen ut digitalt og på CD på Re:Call 3, som ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Beauty and the Beast (David Bowie song)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Beauty and the Beast at the Illustrated db Discography
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.91-93
- ↑ 1960-, Jones, Dylan (2017). David Bowie : a life (First utg.). New York. s. 265. ISBN 9780451497833. OCLC 974992385.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.35
- ↑ James E. Perone, The words and music of David Bowie, p. 66. Greenwood Publishing Group, 2007. ISBN 0-275-99245-4
- ↑ «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977 – 1982) - David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 18. august 2021.