Hopp til innhald

Moonage Daydream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moonage Daydream
Singel av Arnold Corns (David Bowie)
B-side

«Hang on to Yourself»

Språk engelsk
Utgjeve 7. mai 1971
Innspelt 25. februar 1971
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 3:52
Selskap B&C Records CB 149
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
Arnold Corns (David Bowie)-kronologi 
«Holy Holy»
(1971)
Moonage Daydream «Changes» (1972)
Arnold Corns-kronologi
Moonage Daydream «Hang Onto Yourself»
(1972)


Moonage Daydream
Song av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Utgjeve 16. juni 1972
Innspelt November 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 4:37
Selskap RCA Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Ken Scott

«Moonage Daydream» er ein song skriven av David Bowie i 1971 og først gjeven ut som singel med bandet Arnold Corns. Ein nyinnspelt versjon kom i 1972 ut på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.

Songen fortel om eit messiasliknande romvesen og hintar om at lagnaden hans er å redde verda frå katastrofen i «Five Years», samt lagnaden som den ultimate «soul lover». I forhold til handlinga på albumet er dette ein av dei viktigaste songane som skildrar skapinga av Ziggy frå ein kombinasjon av religion, romanse, seksuell fridom, opprør og lidenskap. Han vert omvandla til den arketypiske rockestjerna.

Moonage Daydream: The Life and Times of Ziggy Stardust er tittelen på ei bok skriven av David Bowie, publisert i 2002 av Genesis Publications og kalla opp etter denne songen. Boka dokumenterer åra 1972-73 og var illustrert med bilete av Mick Rock. Bowie og Rock møttest i 1972 og starta å samarbeide og vart vener. Mick Rock vart slik den einaste autoriserte fotografen som fekk dekke den toårige karrieren til Ziggy Stardust.

Komposisjon

[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med to power-akkordar (først D, så Fiss) og to tekstlinjer av Bowie, med stillheit mellom kvar akkord og sungen linje. Den første soloen er ein duett mellom ei lita fløyte og ein barytonsaksofon. For gitarsoloen teikna Bowie ein graf over korleis han ønskte at gitarsoloen til Ronson skulle høyrast ut. Han starta med ei flat linje, og voks til å danne «ei feit megafon-aktig form og enda med eit virvar av linjer». Bowie fortalte seinare at Ronson såg på grafen, gjekk ut ein stad (han skreiv ofte arrangementa sine på badet) og kom attende og spelte soloen nøyaktig slik Bowie hadde ønskt.[1]

Arnold Corns-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

I'm an alligator, I'm a mama-papa coming for you
I'm the space invader, I'll be your rock'n'rollin' bitch for you

David Bowie (1971)

Arnold Corns-versjonen av «Moonage Daydream» vart spelt inn 25. februar 1971[2]. Songen vart gjeven ut av B&C som singel i Storbritannia den 7. mai 1971 med «Hang on to Yourself» som B-side.

Den offisielle besetninga i bandet, som var fronta av kjoledesigneren Freddi Buretti. Dette var berre fabrikkert. Buretti var på innspelinga, men bidraget hans forsvann ved sidan av Bowie.

Denne versjonen vart òg gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990 med ein alterantive tekst («Come on strong girl, and lay your heavy trip on me, the church of mad love is such a holy place to be...»). Versjonen var òg utgjeven på Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue i 2002.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Arnold Corns-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Ziggy Stardust-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Bowie spelte inn songen BBC-radioprogrammet «Sounds of the 70s: John Peel» den 16. mai 1972, og dette vart sendt 23. mai 1972. I 2000 vart denne versjonen gjeven ut på Bowie at the Beeb.
  • Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium, 20 oktober 1972, vart gjeven ut på Santa Monica '72.
  • Versjonen frå den kjende konserten i Hammersmith Odeon, London, 3. juli 1973 vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture.
  • Ei innspeling frå turneen i 1974 kom ut på David Live. Eit anna konsertopptak frå 1974 finst på det sjeldne konsertalbumet A Portrait in Flesh.
  • Bowie spelte igjen songen på Outside-turneen i 1995 og eit nytt konsertopptak vart gjeven ut på singelen «Hallo Spaceboy» i 1996. Denne versjonen vart gjeven ut på bonusplaga som følgde somme versjonar av Outside - Version 2. Ei sampling frå dette konsertopptaket vart sidan nytta av Bowie i songen «Telling Lies» på Earthling i 1997.

Andre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Den nederlandske Philips-singelen frå 1971 (gjeven ut som «Moonage Dream») startar med nokon (truleg lydteknikaren) som seier «Whenever you're ready....»
  • Songen vart gjeven ut som B-side av singelen «Space Oddity» i desember 1972.
  • Songen finst òg på samlingane The Best of David Bowie (Japan 1974), Starman (Russland 1989), Sound + Vision-boksen (1989), Best of Bowie (US/Canada 2002) og Nothing Has Changed (2-CD/3-CD 2014).
  • Ein ny miks av songen vart gjeven ut på bonusplata til Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue.

I populærkulturen

[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Chris O’Leary. «Moonage Daydream». Pushing Ahead of the Dame. Henta 23. januar 2016. 
  2. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.206-207
  3. Crowded House Online Videos, arkivert frå originalen 26. juli 2010, henta 30. april 2011 
  4. fourwalledworld.com
  5. http://www.covermesongs.com/2010/08/consequence-of-sound-presents-best-fest-covers.html
  6. http://hesmybrothershesmysister.bandcamp.com/album/hes-my-brother-shes-my-sister-ep
  7. http://noisetrade.com/jambisrevenge

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy