Hopp til innhald

Raudhette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysk versjon av folkeeventyret «Raudhette» (Rotkäppchen) illustrert av Arpad Schmidhammer ca. 1910. Teikninga viser jegeren, ulven, jenta og mormora.

Raudhette eller Raudhette og ulven er eit europeisk folkeeventyr med usikkert opphav. I Tyskland og Nord-Europa er Grimm-brørne sin versjon «Rotkäppchen und der (böse) Wolf» frå 1812 best kjend, men den eldste nedskrivne versjonen er Charles Perrault sin franske «Le Petit Chaperon rouge» frå 1697.

«Raudhette» er eit av dei mest utbreidde, omarbeidde og fortolka og parodierte eventyra som finst. Det har kome i eit utal bokutgjevingar, ofte med nye illustrasjonar.

I Noreg har Margrethe Munthe brukt historia i songen «Rødhette», som fyrste gong stod på trykk i 1918.

Perrault sin versjon

[endre | endre wikiteksten]
Illustrasjon frå 1697 til Perrault sin versjon.
Gustave Doré sin ulv er utstyrt med nattlua som Ludwig Tieck skreiv om.
Illustrasjon av Walter Crane (1845–1915) til eventyret om Raudhette. Ulven er her ein antropomorf dyreskikkelse som kan snakka og bruka klede.

Dette er den eldste nedskrivne versjonen av eventyret, og ein del av Perrault si samling Gåsemors historier.[1] Eventyr var på moten ved hoffet til Ludvig 14., men blei typisk pynta på. Hjå Perrault er jenta «den venaste som nokon gong er sett». Mora hennar er svært glad i ho, bestemora elskar ho endå høgare. Mora får sydd ei raud hette til dottera sin, og den kler jenta så godt at ho får namn etter henne. Ein dag blir ho send i veg av mora med kaker og ei potte smør til bestemor si, som er blitt sjuk. På vegen møter ho ein svolten ulv, og då han spør henne kor ho skal, fortel ho kor bestemora bur. Han tek dermed snarvegen dit, medan Raudhette går ein omveg. Ulven bankar på hjå bestemora, etterliknar stemmen til jenta, finn bestemora i senga og et henne. Då Raudhette kjem inn, ligg han i senga og lèt som om han er bestemora. Dei forundra spørsmåla til jenta («Kvifor har du så store auge?» «Det er for å sjå deg betre», osb.) kulminerer i «Kvifor har du så store tenner, bestemor?», der ulven svara «For lettare å kunna eta deg.» Deretter et han henne opp.[2]

På 1700-talet var eventyret til Perrault einerådande; men då Ludwig Tieck skreiv eit skodespel over soga, dukka det opp ein jeger som Raudhette hadde møtt på vegen, men som er for seint ute til å redda henne. Hjå Tieck har ulven forkledd seg med bestemor si nattlue, og dette påfunnet dukkar òg opp hjå Gustave Doré då han i 1860 illustrerte eventyrar til Perrault, der ei slik nattlue ikkje er nemnd.

I den opphavlege versjonen til Charles Perrault finst det ingen jeger, og verken bestemora eller Raudhette blir redda. Forteljinga sluttar då med at Raudhette blir eten.[3]

Brørne Grimm sin versjon

[endre | endre wikiteksten]

Då Jeanette Hassenpflug (1791–1860) fortalde eventyret til brørne Grimm i Kassel i 1812, hadde forteljinga endra seg til at ulven lokkar Raudhette bort frå stien; og det er bestemor som har gjeve henne den raude hetta, medan gåva ho har med til bestemor er kaker og vin, ikkje kaker og smør.[4] Dessutan hadde Hassenpflug ein ny slutt, lånt frå eventyret om ulven og geitekjea. Den vonde slutten til Perrault blei gradvis fortrengd av den til Grimm-brørne, der Raudhette ikkje legg seg i senga hjå ulven, men spring ut på golvet og sluker henne. Jegeren kjem likevel til og sprettar opp magen til ulven medan han søv, så Raudhette og deretter bestemora kan springa ut; etterpå blir ulvemagen fylt med steinar og sydd igjen før ulven vaknar. Då følar han seg så tung at han døyr av det. – Med alle utbroderingene er Grimm-versjonen ein tredel lengre enn den til Perrault. Moralen er likevel uendra, for Raudhette seier til seg sjølv: «Eg skal aldri gå frå stien inn i skogen når mor har sagt at eg skal la vera.»[5]

Moralen blir understreka hjå Grimm ved endå ei tilføying der Raudhette ved eit anna høve blir tiltalt av endå ein ulv som vil lokka henne bort frå stien. Men no har ho lært og går rett til bestemor, som låser døra bak henne. Kort tid etter bankar ulven på og lèt som om det er han som er Raudhette. Dei opnar ikkje, og ulven hoppar opp på taket. Han planlegg å følgja etter Raudhette når ho går heim igjen om kvelden. Men bestemor får Raudhette til å fylla vatn frå pølsekoking opp i eit stort trau. Lukta får den svoltne ulven til å strekkja seg til han mistar balansen og fell ned i trauet og druknar.[6]

Folkeeventyr

[endre | endre wikiteksten]

I folkeeventyret - som på fransk blei kalla 'Historia om bestemor' og blei innsamla i Nièvre i 1885, men gjeve ut av Paul Delarue fyrst i 1951 - har ikkje jenta raud hette, og blir ikkje redda av ein forbipasserande jeger som hjå brørne Grimm. I denne munnlege overleveringa, som Perrault bygde på, møter jenta ein bzou, moderne fransk loup-garou, eller ein varulv. Ho møter han i eit vegkryss der varulven spør ho om ho har tenkt seg Synålvegen eller Knappenålvegen. Ho har bestemt seg for Synålvegen. «Fint,» seier varulven «då tek eg Knappenålvegen.» Jenta morar seg med å plukka opp synåler, slik at varulven når fram til bestemora, drep henne, set noko av kjøtet frå henne i spiskammeret og ei flaska blod på ein hylle. Då jenta kjem, set varulven kjøtet og «vinen» (blodet til bestemor) fram til henne. Ein liten katt åtvarar henne utan hell. Varulven ber så jenta om å kle av seg og leggja seg i senga hjå han. Då ho spør kvar ho skal gjera av kleda sine, seier han at ho kan kasta dei på varmen, for ho kjem ikkje til å trenga dei meir. I senga blir jenta forundra over kor hårete og breiskuldra bestemor er. Då varulven forklarer den store munnen sin med at det er så han lettare kan eta henne, får ho hastverk med å seia at ho som snarast må «ut ein tur». Han gjev henne lov til det, men knyter ei ullsnor til eine foten hennar. Vel ute knyter ho snora til eit plommetre og flyktar. Varulven forstår at han er blitt lurt, og spring etter. Snart kan jenta høyra han på stign bak seg. Heldigvis når ho fram til ei djup elv. Nokre syjenter sit på elvebreidda og arbeider. Ho ber dei om hjelp til å kryssa elva, og syjentene breier ein duk over elva og strammar han til ei bru, så jenta kjem seg trygt over vatnet. No dukkar varulven opp ved elva, og ber jentene om hjelp til å kryssa henne. Igjen breier dei ein duk over vatnet, men då varulven er halvveges over, slepp dei stoffet, og han ramlar i elva og druknar.

Italo Calvino har teke med ein versjon frå Abruzzo i si samling av italienske historier frå 1956. Her blir historia kalla Den falske bestemora; for i staden for ein varulv møter Raudhette ei svolten trollkjerring som har forkledd seg som bestemora til jenta. Som i det franske folkeeventyret blir jenta tilboden eit gruvekkande måltid, der bønnene som blir surra i gryten, i røyndomen er tenner, medan kjøtet i steikepanna er menneskeøyre. Calvino tvilte på at historia opphavleg var italiensk, og meinte ho var blitt til i kjølvatnet av utgjevingane til Perrault og Grimm. Men Abruzzo-historia rommar tydelege element frå gammal folkeleg overlevering, som det kannibalistiske måltid og evna til jenta til sjølv å planleggja flukta og gjennomføra henne under påskota av å skulla «ut ein tur».[7]

Eit populært folkeeventyr i Japan, Kina, Korea og andre delar av Aust-Asia er kjent som Tigerbestemora. Her deler ein syskenflokk seng med ein tiger eller eit uhyre utkledd som bestemor deira. Då borna om natta høyrer at den yngste av dei blir eten, ber dei den skyldige om å få gå «ut ein tur». I likskap med jenta i dei europeiske eventyra klarer dei å flykta. Eit eventyr frå det midtre og sørlege Afrika fortel om ei jente som blri angripen av eit monster som etterliknar stemmen til bror hennar. I nokre versjonar blir offeret skore ut av magen på monsteret i live, akkurat som Raudhette i Grimm-versjonen.[8]

  1. «Charles Perrault's Mother Goose Tales». Arkivert frå originalen 25. juli 2017. Henta 2. august 2017. 
  2. «Perrault: Little Red Riding Hood». University of Pittsburgh. Henta 7. april 2021. 
  3. Bettelheim, Bruno (1991). Eventyrets fortryllelse: i psykoanalytisk belysning. Schønberg. ISBN 8757014329. 
  4. «Oral Sources for the Märchen in the KHM Volume I, 1812». Henta 7. april 2021. 
  5. Grimm, Jacob (1857). «Rotkäppchen». Kinder und hausmärchen: gesammelt durch die Brüder Grimm (på tysk). Dieterich. 
  6. «Little Red Cap by Jacob and Wilhelm Grimm». University of Pittsburgh. Henta 7. april 2021. 
  7. «The Subject Was Roses» (på engelsk). Mythic Imagination. Henta 7. april 2021. 
  8. Tehrani, Jamshid J. (13. november 2013). «The Phylogeny of Little Red Riding Hood». PLOS ONE (på engelsk) 8: e78871. ISSN 1932-6203. PMC 3827309. PMID 24236061. doi:10.1371/journal.pone.0078871. Henta 7. april 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Raudhette
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy