Hopp til innhald

Romskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit romskip er eit fartøy eller ein innretning som er laga for å reisa i det ytre verdsrommet. Eit romskip kan vera med eller utan mannskap. Romskip er naudsynte for å utføra mange ulike oppdrag, mellom anna forsking og oppdaging i verdsrommet og på andre planetar, jordobservasjon, krigføring og militære oppdrag og utplassering av satellittar og anna utstyr i rommet.

1960-talet gjennomførte ein dei første vellukka romferdene med menneske om bord. Utviklinga gjekk særs fort i denne perioden på grunn av romkappløpet mellom Sambandsstatane og Sovjetunionen. Førstemann i bane rundt jorda var russaren Jurij Gagarin i 1961, i romskipet Vostok 1. I 1969 vart Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei første menneska på månen, med fartøyet Apollo 11. Den første månelandinga er sett på som den største hendinga i romfartshistoria.

Romskip er mykje brukte i science fiction-forteljingar.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy