Samuel Eto'o
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Samuel Eto'o Fils | ||
Fødd | 10. mars 1981 | ||
Fødestad | Nkon i Kamerun | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Anzji Makhatsjkala | ||
Nummer | 99 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Kadji Sport Academies | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1997-2000 1997-98 1999 2000 2000-04 2004-09 2009-11 2011- |
Real Madrid Leganés (lån) Espanyol (lån) Mallorca (lån) Mallorca Barcelona Inter Anzji |
3 (0) 28 (3) 0 (0) 13 (6) 120 (48) 145 (108) 67 (33) 4 (3) | |
Landslag | |||
2000 1996- |
Kamerun U23 Kamerun |
6 (1) 103 (50) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. september 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 16. juni 2011 |
Samuel Eto'o (fødd 10. mars 1981 i Nkon) er ein kamerunsk fotballspelar som hausten 2011 spela i angrep for Anzji Makhatsjkala i den russiske fotballigaen, og for det kamerunske landslaget.
Eto'o spelte i fem sesongar, frå 2004 til 2009 for Barcelona i spansk Primera Division. Han vann tre seriemeisterskap med Barcelona, i 2005, 2006 og 2009, og den europeiske Meisterligaen to gonger, i 2006 og 2009. I 2006 vart han toppskårar i Primera Division. Same året vart han kåra til beste spiss i Meisterligaen. I 2009/10-sesongen, den første sesongen hans i Inter, var han med på å vinna både Serie A og Meisterligaen. Han vart kåra til årets afrikanske fotballspelar tre år på rad, i 2003, 2004 og 2005, og var med på å vinna Afrikameisterskapen med Kamerun i 2000 og 2002. Han er den mestskårande spelaren gjennom tidene for den spanske klubben Mallorca, og for Kamerun sitt landslag.