Hopp til innhald

Sierra Nevada i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sierra Nevada
fjellkjede
Land  USA
Stat California
Høgd 4 421 m
Areal 24 370 km²
Kart
Sierra Nevada i USA
37°44′N 119°34′W / 37.73°N 119.57°W / 37.73; -119.57
Sierra Nevada i California.
Sierra Nevada i California.
Sierra Nevada i California.
Wikimedia Commons: Sierra Nevada (United States)

Sierra Nevada er ei fjellkjede som hovudsakleg ligg i den austlege delen av California i USA, med ein del, Carson Range, som hovudsakleg ligg i Nevada. Sierra Nevada er ein del av Kordillerane, ei rekkje fjellkjeder som går gjennom heile Amerika. Fjellkjeda er også kjend som The Sierra.

Minaret Lake i Ansel Adams Wilderness i Sierra Nevada.

Sierra Nevada strekker seg 650 km, frå Fredonyerpasset i nord til Tehachapipasset i sør. I vest grensar ho til Central Valley, og i aust til Great Basin.

I fjellkjede finst mellom anna det kjende treet General Sherman, det største treet i verda i volum; Lake Tahoe, den største alpine sjøen i Nord-Amerika; Mount Whitney på 14 505 ft (4 421 m),[1] som er det høgaste punktet i det samanhengjande USA, og Yosemite Valley, danna av isbrear i gammal granitt med ei rekkje høge fossar. Det ligg tre nasjonalparkar her, tjueseks villmarksområde, ti nasjonalskogar og to nasjona monument. Desse områda omfattar Yosemite nasjonalpark, Sequoia nasjonalpark, Kings Canyon nasjonalpark og Devils Postpile National Monument.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sierra Nevada i USA
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy