Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten
BWV 172 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1714 | ||
Urframføring | 20. mai 1714 20. mai 1714 | ||
Publiseringsdato | 1888 | ||
Revidert | Leipzig, 1731 | ||
Typisk lengd | 17:44 | ||
Satsar/akter | 7 |
Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten!, BWV 172, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Weimar i 1714 for første pinsedag. Stykket vart framført på nytt 1717-1723 i Weimar, den 28. mai 1724 i Leipzig, den 13. mai 1731 i Leipzig og ein siste gong etter 1731 i Leipzig.
Teksten er basert på Evangeliet etter Johannes 14: 23 (andre sats), medan resten er skriven av Philipp Nicolai (sjette sats) og kanskje Salomo Franck (sats 1, 3-5)
Koraltemaet er basert på salmen «Komm, Heiliger Geist, Herre Gott». Denne melodien av ein ukjend komponist er datert til 1400-talet og er kanskje knytt til salmemelodien «Adesto, sancta spiritus» av Marchetto di Padua får kring 1270. Han kom først på trykk i den noverande forma i Geystliche Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524 i lag med fleire vers som Martin Luther hadde skrive.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauker, fagott, to fiolinar, tobratsjar, orgel og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Erschallet, ihr Lieder», Koral
- «Wer mich liebet, der wird mein Wort halten», Resitativ for bass
- «Heiligste Dreieinigkeit», Arie for bass
- «O Seelenparadies», Arie for tenor
- «Komm, lass mich nicht länger warten», Duett for sopran & alt
- «Von Gott kommt mir ein Freudenschein», Koral
- «Erschallet, ihr Lieder», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten!». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 172 på bach-cantatas.com