O Jesu Christ, meins Lebens Licht
BWV 118 Kantatesats eller motett av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral i motettestil | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1736-1737 | ||
Urframføring | 11. oktober 1740 er første dokumenterte oppføring | ||
Publiseringsdato | 1876 | ||
Typisk lengd | om lag 5 minutt utan ritornell, 10 minutt med ritornell. | ||
Satsar/akter | 1 | ||
Tekst av | anonym, kanskje av Martin Behm |
O Jesu Christ, mein’s Lebens Licht, BWV 118, er ein motett eller ein sats til ei kyrkjekantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Stykket vart sannsynlegvis komponert i 1736 eller 1737. Det er ikkje visst om stykket har vore framført før den første dokumenterte framføringa som gjekk føre seg under gravferda til grev Friedrich von Flemming 11. oktober 1740.[1]
Med ein koral som tyngdepunkt og eit instrumentalt for- og mellomspel, minner stykket om opningssatsen til ei kantate, og i den første komplette Bach-utgåva vart den utgjeve som eit kantatefragment. Men instrumenteringa av den første versjonen peikar mot funksjonen utandørs gravferdsmusikk, ved grava eller under prosesjonen, og det gjev hint om motett. Bach sjølv sette «Motetto» på tittelarket. I Neue Bach-Ausgabe blir stykket derfor klassifisert som motett.[1]
Den andre utgåva er orkestrert for innandørs bruk og kan ha vorte framført i 1746-1747.
Tekst og koraltema
[endre | endre wikiteksten]Tekstforfattaren er anonym. Bach brukte det første verset frå ei salme i Martin Behm si salmebok frå 1610, men det ser ut til at Behm har brukt ein eldre tekst av ein ukjend forfattar.
Koraltemaet må ha vore eit av Bach sine favorittar: han brukte det òg i kantatane BWV 3, BWV 44, BWV 58 og BWV 153.[2][3]
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Den første utgåva av stykket er instrumentert for SATB kor, tre trombonar, orgel, cornetto og litui. Det er ikkje heilt klårt kva instrument ein lituo er, forslag er basszinke eller natur-/jakthorn. Den noko uvanlege orkestreringa kjem truleg av at Bach oppførte stykket til ei gravferd og ønskte ei symbolsk referanse til den romerske tradisjonen med tre messinginstrument under gravferder.[1]
Den andre utgåva er for kor SATB, to litui, strykarar og orgelcontinuo pluss dobling med tre oboar og ein fagott ad libitum.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Kommentarar, side 1[daud lenkje] på www.bach-cantatas.com
- ↑ Kommentarar, side 2 på bach-cantatas.com
- ↑ Chorale Melodies used in Bach's Vocal , bach-cantatas.com/
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «O Jesu Christ, mein’s Lebens Licht». Bach-kantater. Henta 18. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 118 på bach-cantatas.com
- O Jesu Christ, meins Lebens Licht, versjon med strykarar, Holland Boys Choir & Netherland Bach Collegium, dir. Pieter Jan Leusink conductor (Youtube )