Gott der Herr ist Sonn und Schild
BWV 79 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 31. oktober 1725 31. oktober 1725 | ||
Publiseringsdato | 1870 | ||
Typisk lengd | 15:40 | ||
Satsar/akter | 6 | ||
Toneart | G-dur |
Gott der Herr ist Sonn und Schild, BWV 79, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for reformasjondagen den 31. oktober. Verket vart òg framført i Leipzig i 1730.
Teksten er henta frå Salme 84: 11 (første sats), Martin Rinckart (tredje sats), Ludwig Helmbold (sjette sats), medan resten er av ukjend opphavsmann.
Koraltemaet er basert på salmane «Nun danket alle Gott» og «Nun laßt uns Gott dem Herren».
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for valthorn, pauke, to tverrfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Gott, der Herr, ist Sonn' und Schild», Koral
- «Gott ist unser Sonn' und Schild!», Arie for alt
- «Nun danket alle Gott», Koral
- «Gott Lob! wir wissen den rechten Weg zur Seligkeit», Resitativ for bass
- «Gott, ach Gott, verlass die Deinen nimmermehr», Duo for sopran & bass
- «Erhalt' uns in der Wahrheit», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Gott der Herr ist Sonn und Schild». Bach Cantatas. Henta 11. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 79[daud lenkje] på bach-cantatas.com