Heidi Nordby Lunde
Heidi Nordby Lunde | |||
| |||
Fødd | 3. februar 1973 (51 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet (ukjend; 1994), Høgre (2005) | ||
Yrke | skribent, politikar | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Medlem | Framstegspartiets Ungdom Fridemokratane Europabevegelsen i Noreg | ||
Alle verv |
|
Heidi Nordby Lunde (fødd 3. februar 1973) er ein norsk skribent og politikar frå Oslo. Heile tingperioden 2013-17 møtte ho på Stortinget som vararepresentant for statsråd Ine Eriksen Søreide, Høgre-representant frå valkrinsen Oslo. Sidan 2017 har Lunde hatt fast plass på Stortinget, også då vald frå Oslo. På stortinget 2013-17 var ho medlem i Finanskomiteen, 2017-21 hadde ho sete i Arbeids- og sosialkomtieen. Lunde er liberalist og var 3. vararepresentant til stortinget 1993-97, vald for Framstegspartiet i Oslo. I 2005 melde ho seg inn i partiet Høgre og er sidan 2018 leiar i lokallaget. Hausten 2017 var Lunde vald til leiar i Europabevegelsen i Norge.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heidi Nordby Lunde» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2021.